Samarbeid er det viktigaste

Over 300 personar var samla på Øygardskonferansen på fredag.
- Det viktigaste berekraftsmålet er nummer 17; samarbeid for å nå måla, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han innleia konferansen.

Ordførar Tom Georg Indrevik og fylkesordførar Jon Askeland hadde dei to innleiande føredraga på Øygardenskonferansen i år.  - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik og fylkesordførar Jon Askeland hadde dei to innleiande føredraga på Øygardenskonferansen i år.  

Fleire av dei som hadde ordet på konferansen viste til samfunnsdelen til kommuneplanen for Øygarden kommune som no er lagt ut på høyring. Ordføraren oppmoda alle om å koma med innspel til planen og gjerne delta på dei digitale arrangementa som det vert lagt opp til. Fristen for å gje uttale er 19. desember.

Han oppmoda alle om å byggja på verdiane til MOT; mot til å leva, mot til å seia nei og mot til å bry seg. Han viste også til viktige drivarar som nytt sotrasamband, ny godshamn og karbonfangsprosjektet og at dette vil gje arbeidsplassar.

- Om eit år eller to vil vi mangla arbeidskraft, sa ordføraren.

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, sa at ingen andre har skapt så mykje vekst som Øygarden. Han snakka også om rolla fylket har som utviklingsaktør.

- Vi vil vekk frå «overformyndartanta». Vestland vil spela Øygarden god, dels ved å utfordra. Lag tydeleg kommunalt planverk i tide, sa han.

Askeland sa at Hjeltefjordbassenget har eit stort potensiale og lista opp prosjekt som karbonfangsanlegget og hydrogenproduksjon i Energiparken, første utsleppsfrie hamn på Ågotnes og nullutsleppshamn for passasjertrafikk (Kildn).

- Eg er likevel misnøgd med tempoet med å få på plass linjekapasitet for straum i regionen. Fylket vil invitera til eit kontaktutval som skal arbeida med energitilførsel, sa fylkesordføraren og avslutta med å seia at «de kjem til å lukkast».

Ragnhild Gya - Klikk for stort bileteRagnhild Gya 

- Ta i bruk handlingsrommet

Advokat og partnar hjå Harris, Olav Pedersen, stilte spørsmålet om kommunen vågar å ta i bruk handlingsrommet.

- Nasjonale retninglinjer kan opplevast som rigide og firkanta. Då er mitt råd å jobba med å verta svært god på planlegging, sa Pedersen.

Han hadde sett nærare på Hurdalplattforma til den nye regjeringa og merkte seg at regjeringa vil evaluera statlege planretningslinjer.

- Alle kommunar skal ha moglegheit til å utvikla små og store lokalsamfunn, står det i plattforma til regjeringa. Lokalt oppmodar eg alle om å delta i medverknaden av samfunnsdelen til kommuneplanen som er lagt ut til høyring. Men det er også viktig at folk opplever at medverknaden er reell og at ikkje alle avgjerdene er tekne på førehand, sa advokaten.

Stipendiat på institutt for biovitskap på Universitetet i Bergen, Ragnhild Gya, stilte spørsmålet om kva naturen svarar til utbygging.

- Vi ønskjer å bruka meir enn vi har, sa stipendiaten.

Sambima har rangert alle kommunane i landet i kva grad dei tek vare på naturen. Øygarden kjem dårleg ut og hamnar på 300. plass og nummer 34 av 43 kommunar i Vestland.

- Mitt råd er mellom anna å laga ein kommunedelplan for naturmangfald og basera planlegginga på arealnøytralitet ved å kutta tap av natur. Ha naturen som føresetnad, ikkje berre som etterpåklokskap, sa Gya.

Finn Tokvam, Inger Kristin Ulveseth og Atle Ulveseth - Klikk for stort bileteFinn Tokvam, Inger Kristin Ulveseth og Atle Ulveseth 

- Me likar jo bygg

Konferansier Finn Tokvam intervjua administrerande direktør Inger Kristin Ulveseth og styreleiar Atle Ulveseth i Brødrene Ulvseth.

- Vi er opptekne av å byggja fint. Vi skal kunna sjå tilbake på det som er gjort og vera stolt av det. Eg hadde ein far som var tilsett i kommunen og hadde teknisk etat heime på den søre lemen. Det var nok enklare planlegging då enn no, seier Atle som vedgår at det vert snakka mykje fag i familien.

- Har de nokon gong drukke kaffi saman utan å vri samtalen inn på bygg? ille Finn Tokvam vita.

- Nja, me likar jo bygg, måtte Atle vedgå.

Inger Kristin understrekar at ein må leggja vekt på sosial berekraft og leggja vekt på delingsøkonomi og sirkulærøkonomi.

- Kanskje er framtida er å ha heimekontor saman med naboen, sa ho.

Marie Therese Heldal Haukeland i Heldal Eigedom og Robin Dale Oen orienterte om Dale Oen Academy.

- Det kostar skjorta å ikkje ta vare på ungdomane. Ungdomane våre er kreative og svoltne, men dei har ikkje fått høyrt det. Ni av 10 av våre ungdomar går tilbake til skulen eller vidare i lære. Mange får høgare sjølvtillit og ser lysara på framtida, sa Robin.

 DSC_9042.JPG Arve Tjønn Rinde og Marit Kalgraf - Klikk for stort bileteArve Tjønn Rinde og Marit Kalgraf 

Sotrasambandet er i rute

Tilbodsleiar i Sotra Link, Christopher M. Bjerke, og prosjektleiar i Statens vegvesen, Arve Tjønn Rinde, gav forsamlinga oppdatert informasjon om Sotrasambandet. Dersom Stortinget sluttar seg til framlegget om ekstraløyving til prosjektet, vert kontrakten med Sotra Link underteikna i løpet av februar 2022. Bygginga startar første kvartal 2023, og 1. juni 2027 er det trafikkopning av vegen. Prosjektet er sluttført 30. juni 2028.

- Om lag tusen personar vil vera i arbeid på det meste, 250 funksjonærar og 750 fagarbeidarar, kunne Bjerke fortelja.

Statens vegvesen er oppdragsgjevar og følgjer opp Sotra Link gjennom anskaffingar og større innkjøpsorddrar for prosjektgjennomføring. Redaktør i Vestnytt, Marit Kalgraf, intervjua Tjønn Rinde og ville gjerne ha svar på storleiken på bompengane.

- Bompengenivået står fast trass i at det må løyvast ekstrapengar til prosjektet. Det skal ikkje gå ut over bilistane, kunne prosjektleiaren lova. Han kunne også stadfesta at Sotrasambandet er i rute.

Hamnesjef i Bergen Havn, Johnny Breivik, og marknadssjef Nils Møllerup, gav informasjon om godshamna som skal etablerast på Ågotnes.

- Arve Tjønn Rinde sa at framtida er på veg. Vi seier at framtida er litt på veg, sa Johnny Breivik og fekk dermed sagt at mykje av godstransporten i framtida må skje sjøvegen.

Godshamn som regionalt knutepunkt

Målet er at godshamna skal vera klar til bruk når Sotrasambandet opnar i midten av 2027. Det er eit mål at Ågotnes skal verta eit regionalt knutepunkt.

Administrerande direktør i Northern Lights, Børre Jacobsen, gav status for karbonfangstsprosjektet som mellom anna inneber bygging av terminal i Energiparken i kommunen vår. Northern Lihts-prosjektet skal frakta flytande CO2 til mottaksterminal ved Naturgassparken på Ljøsøyna i Hjeltefjordbassenget i Øygarden. Derifrå vert CO2 pumpa gjennom røyr til eit lager under havbotnen.

- Vi forventar å få underteikna den første avtalen i 2022. Det kan gje grunnlag for å auka kapasiteteten frå 1,5 millionar tonn til fem millionar tonn pr. år.. Vi er glade for å ha kome i gang,. Vi har stor tru på dette, sa Jacobsen.

I løpet av Øygardskonferansen vart det delt ut midlar frå Stormfondet og utdelinga av Årets fyrtårn og Årets bedrift.

Tekst og foto Vigleik Brekke

Her er fleire foto:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete