Rikard Ledang sluttar i Vest Næringsråd

Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Ledang (54), har sagt opp stillinga og tek til som konsernsjef i Sotra Gruppen.

Rikard Ledang - Klikk for stort bileteRikard Ledang 

Ledang har leia Vest Næringsråd i fire år. Øygarden kommune har partnarskapsavtale med Vest Næringsråd. Dette inneber mellom anna at næringslivsorganisasjonen får tilført om lag 650 tusen kroner i året.

– Eg er operativt skrudd saman, og det skal bli spennande å få bli med på utviklinga i Sotra Gruppen framover, seier Ledang på nettsida til Vest Næringsråd.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at han vil sakna han som leiar av Vest Næringsråd.

- Eg vil takka Rikard Ledang for hans uvurderlege bidrag til å utvikla næringslivet i regionen og ikkje minst hans innsats i å setja Øygarden på kartet på ein positiv måte, seier ordføraren.

Ledang tek til i stillinga som konsernsjef i Sotra Gruppen i løpet av hausten 2022.


Tekst og foto: Vigleik Brekke