Planlegg utviding av Energiparken

Utval for plan har i dag (9. juni) vedteke å leggja detaljregulering for Northern Lights II, Energiparken, ut til offentleg ettersyn.

https://www.oygarden.kommune.no/aktuelt/planlegg-utviding-av-energiparken.55959.aspx - Klikk for stort biletehttps://www.oygarden.kommune.no/aktuelt/planlegg-utviding-av-energiparken.55959.aspx  

Northern Lights, som er ein del av Langskip-prosjektet, har behov for å avklara arealbruken i Energiparken samband med start av fase to. I fase eín er det rekna med ein kapasitet på å lagra 1,5 millionar tonn CO2 i havbotnen etter at CO2 er skipa inn til anlegget. I fase to er det planlagt lagring av ein kapasitet på fem millionar tonn CO2.

Denne planen er ei endring av gjeldande detaljregulering for Northern Lights. Fase to vil altså opna for større mengder CO2 i anlegget, og soleis vil ein eventuell lekkasje breia seg ut over eit større område, hovudsak i sjø. Fase eín er under bygging, men det er allereie behov for å starta detaljert planlegging, og seinare, realisering av fase to.

Planen inneber mellom anna ein ny kai lokalisert på austsida av Ljøsøyna. Kommunedirektøren skriv i saka at fase to i prosjektet passar svært godt inn i ambisjonane til kommunen.

- Det vert lagt til rette for klimatiltak og løysingar som er skildra som viktige i mange sentrale utgreiingar av mellom anna FN, det internasjonale energibyrået og regjeringa. går det fram av saksutgreiinga.

Utvalet behandla 15 klagesaker.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: ABO Plan & Arkitektur AS