Øygarden nummer sju i openheitsbarometer

Øygarden hamna på sjuandeplass i openheitsbarometeret til Kommunal Rapport 2021. Modalen og Grimstad toppar lista. Øygarden hamna på andreplass i Vestland fylke.

Ill.foto - Klikk for stort bileteIll.foto  

Eit døme på spørsmål som vert stilte er kor mange dagar kommunen brukar på å innvilga innsynskrav. Der står Øygarden oppført med eín dag. Eit anna sentralt spørsmål i kartlegginga er om postlistene er tilgjengelege på nett, noko som er tilfelle i Øygarden.

Andre spørsmål som vert stilte er om kommunen har tilgjengeleg kontaktinformasjon til politikarar og om byggjesakssystemet tilgjengeleg på nett.

Kommunedirektør Rune Landro gler seg over resultatet av kartlegginga.

- Eg er svært glad og stolt over dette resultatet. Vi skal ha ein openheitskultur i Øygarden kommune og vera tilgjengelege for innbyggjarane. Eg vil gje ros til medarbeidarane våre som arbeider med dette, seier Landro.

Desse spørsmåla vart stilte i kartlegginga:

  • Respons på krav om innsyn i arbeidsavtalen til kommunedirektøren og godtgjøring til ordførar og varaordførar.
  • Søkefunksjonar på postlista til kommunen.
  • Om kommunen legg ut klikkbare fulltekstdokument på postlista.
  • Har nettsida kontaktinformasjon til politikarane?
  • Har kommunen byggesakssystem på nett?
  • Gjev nettsidene til kommunen informasjon om innsynsretten etter offentlegheitslova?
  • Er saksdokumenta til politikarane tilgjengelege i fulltekst på nettsida?
  • Er politikere og tilsette registrert i styrevervsregisteret?
  • Hvor lenge er postlistene til kommunen tilgjengelege på nett?
  • Har kommunen retningslinjer som sikrar rask publisering?
  • Hvor mange dagar er det mellom journalføring og publisering av postliste?
  • Vert organinterne dokument journalført i postlista til kommunen?
  • Fleire spørsmål om offentleggjering av politiske dokument.
  • Vert SMS journalført?
  • Er kommunale føretak inkluderte i postlista til kommunen?
  • Fører og publiserer kommunale føretak eiga postliste på nett?


Tekst og foto: Vigleik Brekke