Overrekte miljøfyrtårnsertifikat

Tysdag føremiddag fekk Jernia på Sartor Storsenter overrekt miljøfyrtårnsertifikat frå ordførar Tom Georg Indrevik.

Ordførar Tom Georg Indrevik og dagleg leiar Lisbeth Rong Aune. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik og dagleg leiar Lisbeth Rong Aune. 

Det var dagleg leiar, Lisbeth Rong Aune, som tok imot sertifikatet på vegner av forretninga som ligg i første etasje på senteret mellom Match og Barnas hus.

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Lisbeth Rong Aune fortel at det er seks tilsette i forretninga. Fram til 27. august heldt Jernia til lengre sør i senteret. For knappe fire veker sidan kunne Jernia flytta inn i litt større lokale som den daglege leiaren er svært godt nøgd med.

Ho gler seg over at Jernia har fått miljøfyrtårnsertifikat.

- Vi har sterkt fokus på å vera medvitne overfor kundane. Vi har innbytteordning der Jernia gjev rabatt ved kjøp av tilsvarande produkt. Døme på dette er glasprodukt, porselen, keramikk og kasserollar. Vi kan også slipa knivar som alternativ til å kjøpa ny kniv, seier Rong Aune.

Forretninga er også nøye med korleis leverandørane pakkar inn varene. Vi gjev tilbakemelding til dei dersom det er for mykje emballasje.

- Ikkje minst ønskjer vi mindre bruk av plast. Vi praktiserer også kjeldesortering og syter for at det innleverte vert levert vidare til gjenbruk, seier den daglege leiaren.

Tekst og foto:  Vigleik Brekke