For to og ei halv veke sidan lanserte ordføraren tre tiltak som kan redusera dei stadig lengre køane til og frå Øygarden. Det er føreslått gratis kollektivtrafikk frå 1. januar 2023, haldningskampanje og eit lokalt minibussystem i samarbeid med næringslivet.
- I første omgang får vi ei orienteringssak til formannskapet den 14. juni og kommunestyret den 16. juni. Vi ønskjer å gjennomføra haldningskampanjen og minibussystemet til hausten, seier ordføraren.
Det skal også gjennomførast ei reisevaneundersøking om kort tid.
Ordføraren viste til at det over lang tid har vore aukande kø over Sotrabrua. På det jamne har det passert over 30 tusen køyretøy over brua pr. døger. Han innleia møtet med å presentera dei tre tiltaka. Fleire av deltakarane på møtet tysdag gav tydelege signal på at bedriftene kunne bidra i eit spleiselag på tiltak som kan gje redusert kø og betre trafikkflyt.
Fleire peika på at eit minibussystem der bussane kan køyra Bildøyvegen vil vera eit viktig tiltak. Det er aktuelt å leggja opp eit minibusstilbod mellom Ågotnes og Skogsskiftet mot Straume-området. Fleire av deltakarane signaliserte at bedriftene deira kunne bidra med økonomi til materiell og subsidiering av billettar/månadskort.
Tekst og foto: Vigleik Brekke