Utstillinga viser reelt korleis CO2 kan lagrast på ein god og sikker måte. Publikum ser korleis karbon vil oppføra seg når det vert lagra i porøse bergartar under havbotnen. Riggen står i kjellaren på museet. No ønskjer museumsleiinga publikum velkomen, ikkje minst elevar og studentar.
I Øygarden byggjer Northern Lights eit mottaksanlegg for CO2. Som ein del av Langskip-prosjektet vert det frakta flytande CO2 til ein mottaksterminal i energiparken på Ljøsøyna i Hjeltefjordbassenget i Øygarden. Derifrå vert CO2 pumpa gjennom røyr til eit lager under havbotnen.
Ordførar Tom Georg Indrevik og dekan på Det matematisk-naturvitenskapelege fakultet på Universitet i Bergen underteikna samarbeidsavtalen. Formålet med avtalen er å formalisera og vidareutvikla eit overordna, pliktig og langsiktig arbeid mellom fakultetet og kommunen og bidra til kompetanseutvikling og regional utvikling.
Ordføraren var glad for at Øygarden vert tydeleg markert i samarbeidet og utstillinga.
- Det er ikkje så ofte Øygarden opnar utstilling i Bergen. Vi har i dag lært om Øygardsforkastninga. Det er fantastisk at det grøne skiftet skjer i Øygarden. Dette er ein utviklingsstad som gjev framtidas arbeidsplassar, sa Tom Georg Indrevik.
Dekan Gunn Mangerud sa at universitetet ønskjer forsking til «anvendelse».
- Vi vil også bringa omverda inn her. Vi lærer mest i brytning med andre. Det er vårt håp at det vert aktivitet og arrangement den tida utstillinga står her, sa ho.
CO2-lageret i Europa
Direktør kommunikasjon og myndighetskontakt i Northern Lights, Kim Bye Bruun var fascinert over utstillinga.
- Vi er avhengig av CO2-lagring, og vi må innhenta ny kunnskap. Interessen for dette prosjektet er aukande i Europa. Noreg kan verta CO2-lageret i Europa, sa han.
Forskarane. Frå venstre; Martin Fernø, Atle Rotevatn og Jan Martin Nordbotten. Dei gule felta på skjermen bak er CO2.
Dei tre sentrale forskarane knytt til utstillinga «Vår porøse verden» er Martin Fernø, Jan Martin Nordbotten og Atle Rotevatn.
Prosjektet er gjennomført med støtte frå Øygarden kommune/Øygarden næringsutvikling og CCB Energy Holding.
Utstillinga viser tre store forkastningar i havbotnen der alle sandlaga har ulike eigenskapar. Publikum kan sjå visuelt korleis CO2 vert injisert inn i dei geologiske sandlaga langt under havbotnen. Det vert også synleggjort korleis gassen vert broten opp i millionvis av bobler.
Les meir her.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Her er fleire bilete: