No er samfunnsdelen til kommuneplanen vedteken

I sist veke gjorde kommunestyret eit historisk vedtak. Etter ein omfattande prosess over to år har kommunen vedteke den overordna planen for utvikling samfunnet og tenestene fram til 2034.

Frå kommunestyremøtet den 24. mars då planen vart vedteken. På talarstolen; Marianne Sandahl Bjorøy (Ap). - Klikk for stort bileteFrå kommunestyremøtet den 24. mars då planen vart vedteken. På talarstolen; Marianne Sandahl Bjorøy (Ap).  

Leiar i utval for samfunnsutvikling, Andreas Kallekleiv, har følgd dette arbeidet frå første stund.

- Vi har nå fått vedteke ein spennande og framtidsretta plan som viser retninga til kommunen framover. Måla i planen skal vi oppnå over ein 12-årsperiode. 

Kallekleiv seier at det skal lagast handlingsplanar og temaplanar for å nå måla.

- Sjølv er eg særleg glad for at Øygarden kommune skal vera ein føregangskommune innan psykisk helse og eit aktivt arbeidet mot mobbing og utanforskap og at det vert lagt til rette for eit godt tenestetilbod uavhengig av alder, funksjonsnivå og etnisitet, seier Andreas Kallekleiv.

Han gjev mykje ros for prosessen som i stor grad er gjennomført i ein periode med koronapandemi og med dei avgrensingane det har medført.

- Det har vore ein svært god prosess med god medverknad. Vi starta med eit kunnskapsgrunnlag, og innbyggjarar, lag og organisasjonar, næringslivet, politikarar og administrasjon har saman utforma dei framtidige satsingsområda. Vi har hausta mykje ros frå utanforståande for denne prosessen, mellom anna i regionalt planforum, seier Kallekleiv.

Oppdaterer planen

Kommunedirektør Johnny Breivik seier at administrasjonen er godt i gang med å oppdatera planen med dei endringane som vart vedtekne på møtet i sist veke.

- Eg er glad for at kommunestyret har vedteke ein ambisiøs samfunnsplan for kommunen. Med denne på plass, har vi ei tydeleg retning for utviklinga av kommunen, tenestetilbodet og den kommunale organisasjonen. Lista er lagt høgt, med berekraft, samhandling og innovasjon som den raude tråden, seier kommunedirektøren.

Den endelege utgåva av planen vil liggja føre om kort tid. 

Her kan du lesa saksutgreiinga, med vedlegg og møtebok frå kommunestyret.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke