Kommunedirektøren møtte næringslivet

I dag talte kommunedirektør Johnny Breivik til eit hundretals frammøtte på februartreffet til Vest Næringsråd. Han understreka at samarbeid med næringslivet er viktig for å lukkast med å nå målet om å verta ei fyrtårn i vest.

Kommunedirektør Johnny Breivik intervjua av informasjonsansvarleg i Vest Næringsråd, Anders Eikanger. - Klikk for stort bileteEtter eit innlegg vart kommunedirektør Johnny Breivik intervjua av informasjonsansvarleg i Vest Næringsråd, Anders Ekanger.  

Kommunedirektøren viste til at han på kommunestyremøtet i sist veke snakka om å lukkast saman med politikarane.

- I dag vil eg understreka at vi også må lukkast saman med næringslivet. Eg ønskjer å prioritera innovasjon og utviklingsstrategi, sa Breivik.

Den første tida vil han ta tid til å verta kjend med organisasjonen og tenestene i kommunen og har sett av eín til to dagar i veka for å besøkja tenestestadene.

Møteleiar på februartreffet, Anders Ekanger, ville vita om Øygarden no har fått «næringslivets mann» med tanke på bakgrunnen til den nye kommunedirektøren.

- Næringslivsbakgrunnen er ei viktig erfaring og ballast. Det kan bidra til å sjå sakene frå ulike sider. Men det er viktig at eg vert oppfatta som «alle sin mann» og at vi må sjå at ting heng saman, sa kommunedirektøren.

Øygarden kommune sluttbehandlar i desse dagar samfunnsdelen til kommuneplanen. Seinare kjem arealdelen til kommuneplanen. Johnny Breivik fekk spørsmål og kommentarar knytt til arealbruk, planar og byggjesak.

Breivik sa at han har jobba i eigedom sjølv og kjenner problemstillinga godt.

- Vi har store planar på gang. Dette gjer at underliggjande planar får ein lettare prosess, sa Johnny Breivik.

Det skjer mykje i Energiparken

På februartreffet orienterte Kjersti Nordøy om Northern Lights i Energiparken. Nordøy er kommunikasjonsansvarleg for Equinor i Northern Lights-prosjektet. Northern Lights er ein del av Langskip-prosjektet og omfattar transport, mottak og lagring av CO2. I 2022 vil ein mellom anna ferdigstilla kaien og eit større bygg på anlegget som omfattar administrasjon, visningssenter og kontrollrom. Sundag 24. april inviterer Northern Lights til open dag på anlegget.

På februartreffet var det elles betraktningar frå Onlinepsykologene ved André Clausen og Kyrre Dyregrov og orientering ved advokat Einar Drægebø om kva konsekvensar endringane til den nye regjeringa vil få for næringslivet.

Benjamin Torsvik og Hans Jarle Einarsen oppmoda alle om å delta på Krafttak mot kreft. Den 23. april vert det invitert til Strilasløyfo der det handlar om å ta så mange turar til Liatårnet som mogleg og dermed skaffa viktige inntekter til kreftsaka.

Tekst og bilete: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Johnny Breivik - Klikk for stort bilete
Kjersti Nordøy - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Benjamin Torsvik, Anders Eikanger og Hans Jarle Einarsen - Klikk for stort bilete