Kan planleggja ei ny kraftlinje til Kollsnes

Olje- og energidepartementet har gjeve klarsignal om at Statnett kan starta arbeidet med å planleggja ei tredje kraftlinje.

Kollsnesanlegget - Klikk for stort bileteKollsnesanlegget. 

For å møta den planlagde forbruksveksten i Bergen og omland, er det nødvendig å forsterka straumnettet med eit nytt samband til Kollsnes i tillegg til å oppgradera eksisterenda nett i regionen.

I ei pressemelding frå Statnett heiter det at Olje- og energidepartementet støttar konklusjonen til Statnett i konseptvalutgreiing for Bergen og omland.

- Det er mange og store planar for ny næringsverksemd i bergensområdet, og ein er utolmodige for å få realisert desse. Sjølv om det er uvisse om enkelte av prosjekta, opplever vi at behovet i området er stort og modent. Vi er difor glade for at vi nå kan setja i gang neste fase for å få realisert nettet som vil gjera det mogleg å sikra verdiskapinga i denne regionen, seier konserndirektør for kraftsystem og marknad i Statnett, Gunnar Løvås.

Les meir her.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Øygarden kommune