Johnny Breivik vert kommunedirektør i Øygarden

Kommunestyret vedtok i dag å tilsetja Johnny Breivik som kommunedirektør i Øygarden kommune. Han tek over etter Rune Landro som har vore konstituert i stillinga sidan 20. mai. Breivik tek til som kommunedirektør i februar 2022.

Johnny Breivik - Klikk for stort bileteJohnny Breivik 

Johnny Breivik (54) kjem frå stillinga som direktør i Bergen Havn AS. Den nytilsette kommunedirektøren ser fram til å verta kjend med kommunen og dei mange engasjerte tilsette.

- Eg er svært glad for denne moglegheita og er audmjuk over den tilliten kommunestyret viser meg. I gode samtalar med tilsetjingsutvalet har eg fått innsikt i utfordringane som ventar og dei mange moglegheitene som ligg framfor. Saman skal me halda fram utviklinga av gode tenester for innbyggjarane og føreseielege rammevilkår for næringslivet, seier Johnny Breivik.

Johnny Brevik har vore direktør i Bergen Havn AS sidan 2017. Han har dermed vore sentral i planlegginga av ny godshamn på Ågotnes. I perioden 2011 til 2017 var han brannsjef i Bergen kommune, og frå 2006 til 2011 var han dagleg leiar hjå B Telle Trearbeid AS. Han er utdanna som bygnings- og branningeniør og har leiarutdanning frå Forsvaret gjennom befalsskule og krigsskule.

Ordførar Tom Georg Indrevik gler seg over at Øygarden kommune har fått tilsett ny kommunedirektør.

- Johnny Breivik er ein person vi treng no. Han har mellom anna som direktør i Bergen Havn vist at han er ein tydeleg og solid leiar som har evne til å få fram det beste i organisasjonen og medarbeidarane rundt seg. Han har vist at han kan leia organisasjonar gjennom endring og omstilling på ein god måte, seier ordføraren.

Tom Georg Indrevik seier at det har vore ein god og grundig prosess, og han takkar alle deltakarane i tilsetjingsutvalet for eit godt samarbeid.

Tilsetjingsutvalet har vore samansett av Tom Georg Indrevik, Atle Dåvøy, Marianne Sandahl Bjorøy, Bodil Aleksandersen (Fagforbundet) Vibecke Hodnekvam (Utdanningsforbundet).

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Bergen Havn