Engasjement om samarbeid

Rekkjefølgjekrav og og utbyggingsavtalar var tema då Vest Næringsråd og Øygarden kommune inviterte til seminar og samarbeidsmøte på tysdag. Spørsmålet var korleis utbyggjarar og kommunen kan samarbeida meir effektivt.

Silje Haukedal - Klikk for stort bileteSilje Haukedal 

Einingsleiar for byggjesak, tilsyn og miljø, Silje Haukedal, som for tida også leiar kommunalsjefområdet for Kultur og samfunn, sa at det er 15 årsverk på byggjesaksavdelinga og åtte tilsette som arbeider med klagesaker. Det er om lag tusen nye byggjesaker i året, der 93 prosent er godkjende. Det vert klaga på om lag 10 prosent av sakene. Haukedal håpar at kommunen vert ajour med klagesakene før jul.

I innlegget på samarbeidsseminaret tok ho også opp spørsmålet om førehandskonferanse.

- Vi ønskjer å gje mest mogleg avklaringar i førehandskonferansen. Men vi kan ikkje saksbehandla i førebuande konferansar, sa Silje Haukedal.

Seminaret innleia med innlegg av advokat Harald Alfsen hjå Stiegler Advokatfirma AS som snakka om korleis ein kan vinna anbod. Han sa at det er mogleg å dela opp kontraktar.

- Då bør ein bruka marknadsdialog. Det kan gjera det mogleg for lokale anbydarar. Nye signal når det gjeld anbod er at pris i framtida vil ha mindre vekt, medan miljø og andre forhold vil ha større vekt, sa Alfsen.

Georg Lexander (til venstre) og Jon Håkon Hegdahl. - Klikk for stort bileteGeorg Lexander (til venstre) og Jon Håkon Hegdahl.  

Rekkjefølgjekrav og utbyggingsavtalar

«Slik unngår du urimelege rekkjefølgekrav og vilkår i utbyggingsavtalar» var temaet til Jon Håkon Hegdahl og Georg Lexander frå Stiegler Advokatfirma AS.

- Rekkjefølgjekravet må dekkja behov som vert utløyst av tiltaket. Det er ikkje fritt fram for kommunen å leggja inn rekkjefølgjekrav. Det må vera ein sakleg samanheng. Den beste måten å unngå urimelege rekkjefølgjekrav er å samarbeida med kommunen, sa Jon Håkon Hegdahl.

Georg Lexander sa at det kan vera klokt å få fleire med «på laget» når det gjeld utbyggingsavtalar. Det er også aktuelt å undersøkja om tiltaket kan få nytte for andre utbyggingsområde.

- Løysinga er samarbeid og kommunikasjon, sa han.

Konstituert kommunedirektør i Øygarden kommune, Rune Landro, viste til temaet til Hegdahl og Lexander om korleis ein kan unngå urimelege rekkjefølgjekrav.

- Dei hadde ei balansert framstilling. I oppstartsmøta ønskjer vi å få kartlagt kva som må etablerast av rekkjefølgjekrav, sa Landro.

Rune Landro - Klikk for stort bileteRune Landro 

Marie Therese Haukeland i Heldal Eigedom sa at dialog, samarbeid og det å vera føreseieleg er viktig. Per Erling Tellnes i Tellegruppen opplevde betring i byggesaksavdelinga i kommunen.

- Vi slit meir med å få kontakt med planavdelinga. Det er viktig for oss å få kontakt med en person når vi tar kontakt, sa Tellnes.

Roy-Eddy Lie i Liegruppen meinte at dialog mellom byggesak og plan kan bidra til at ein unngår at alle avvik krev søknad om dispensasjon.

- Vi ønskjer å få redusert talet på dispensasjonssøknader, sa Silje Haukedal.

Tekst og foto: Vigleik Brekke