Ber om sak om brannstasjon og driftsbygg i Skogsskiftet

Utval for samfunnsutvikling vedtok i kveld at det til utvalsmøtet i september ligg føre ei sak med konkurransegrunnlag for brannstasjon/driftsbygg i Skogsskiftet.
Tidlegare på dagen var det møte i utval for tenester og levekår som behandla sak om partnarskapsavtale og driftsavtale med NAV.

Utval for samfunnsutvikling hadde i dag sitt første fysiske møte på to månader. - Klikk for stort bileteUtval for samfunnsutvikling hadde i dag sitt første fysiske møte på to månader.  

Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) røysta primært for å plassera brannstasjonen i Kolltveit-området. Dette fekk ei røyst og fall. FNB røysta deretter sekundært for eit fellesframlegg frå dei andre partia i utvalet. Vedtaket vart dermed samrøystes.

I vedtaket heiter det at administrasjonen skal arbeida vidare med opsjonane som er nemnde i saka og å få avklart om det er mogleg å knyta til seg fleire interessentar som ønskjer lokale i brannstasjonen/driftsbygget. Ein skal også sjå på moglege løysingar og leggja til rette for framtidig el-ladepunkt for buss. Det skal også lagast ein plan for moglege løysingar for overskotsmasse i prosjektet.

 

I utgreiinga frå kommunedirektøren om brannstasjon i Skogsskiftet går det fram at det ligg føre eit kostnadsoverslag for ny brannstasjon på 47 millionar kroner. Det er sett av 30 millionar kroner i budsjettet for 2020. Prosjektet omfattar brannstasjon, areal for driftsbygning og areal for bussparkering.

Gjev mulkt etter båthavari

Utval for samfunnsutvikling fastsette ei mulkt på 120 tusen kroner til eigar av to båtvrak i Tyrnevika.

Bakgrunnen for saka er at to båtar havarerte ved Sildabrua på Tofterøy i desember 2017. I juni 2018 vart det fatta vedtak om pålegg om fjerning av begge båtane. I juli 2018 vart det gjort vedtak om tvangsmulkt. Vraka vart ikkje fjerna innan fastsett frist. Vraka er no fjerna for eigars rekning.

Kommunedirektøren føreslo å fastsetja mulkta til 332 tusen kroner. Utvalet grunngjev reduksjonen på mulkta med at 120 tusen kroner var storleiken på mulkta då fristen for heving av vraka gjekk ut. Vedtaket er forankra i forureiningslova paragraf 73 (4).

Byvekstavtale

Utvalet tilrår at kommunestyret vedtek handlingsprogram 2021-2024 for byvektsavtalen slik det ligg føre som vedlegg til saka. Det vert i tilrådinga bedt om å prioritera ei rekkje tema i handlingsprogrammet som kjem til behandling våren 2021. Kommunedirektøren rapporterer til utval for samfunnsutvikling.

FNB fremja eit forslag om at alle prosjekt som blir vidareført lokalt skal bli vist økonomisk kvar midlane verte tekne og henta frå. Dette forslaget fekk eí røyst (FNB) og fall.

Byvekstavtalen inneber at staten forpliktar seg til å bidra med 13,3 milliardar kroner (2020-kroner) gjennom avtaleperioden 2019-2029. For Øygarden kommune utgjer dette eit årleg gjennomsnitt på 41,9 millionar kroner i avtaleperioden

Møteplan

Utvalet tilrår overfor kommunestyret å godkjenna møteplan for andre halvår 2020. Neste møte i utvalet vert 3. juni.

Leiar i stabseining Innkjøp og investering, Marius Sylta, informerte om investeringsprosjekt i kommunen. Her kan du lesa presentasjonen. (PDF, 2 MB)

Møte i utval for tenester og levekår

Tidlegare på dagen var det møte i utval for tenester og levekår. Utvalet slutta seg samrøystes til partnarskapsavtale og driftsavtale mellom NAV stat og Øygarden kommune. Partnarskapsavtalen er overordna og regulerer mellom anna intensjon, mål, samarbeid, tenesteomfang og ansvarsfordeling i NAV-kontoret. 

Frå møtet i utval for teneser og levekår. - Klikk for stort bileteFrå møtet i utval for teneser og levekår. 
 

 

 

 

 

 

 

 

 


Utvalet slutta seg også til møteplanen for andre halvår 2020. Utvalet vedtok å leggja inn eit ekstra møte i utval for teneste og levekår i slutten av august dersom det er behov for møte.

Før behandling av sakene var det orientering om utskrivingsklare pasientar tenester og organisering BUFT (Barn, unge og familietenester) og alternativ undervisning for elevar.

Her er presentasjon om løypemelding instisusjonsplassar v/ Monica Pedersen.  (PDF, 544 kB)

Her er presentasjon om organisering av BUFT v/ Berit Algrøy. (PDF, 387 kB)


Tekst og foto: Vigleik Brekke