Ordførar Tom Georg Indrevik er glad for dei positive signala som kom frå næringslivet etter eit møte tysdag der trafikkflyten til og frå Øygarden var tema.
- Det er stor vilje i næringslivet til å bidra til at vi saman kan finna løysingar på dei trafikale utfordringane, seier ordføraren.