15 kvinner frå åtte land har fullført «sky»-kurs

Det var ein stor dag for dei 15 deltakarane på det tre månader lange AWS re/start-programmet då dei torsdag denne veka fekk eksamensbeviset sitt. NNO-SCI Cloud samarbeider med Amazon Web Services re/Start og Øygarden næringsutvikling KF om IT-kurset. 

Torsdag fekk dei 15 deltakarane eksamensbeviset. Her er dei saman med samarbeidspartnarar og varaordførar Torill Selsvold Nyborg. - Klikk for stort bileteTorsdag fekk dei 15 deltakarane eksamensbeviset. Her er dei saman med samarbeidspartnarar og varaordførar Torill Selsvold Nyborg. 

Målet er å bidra til at kvinner utdannar seg innan dette feltet og vert inspirert til å fremja likestilling innan informasjonsteknologi.

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg innleia den store dagen med å gratulera med dagen og understreka at dei no er kvalifiserte og klare til å starta skykarrieren sin. Deltakarane kjem opphavleg frå Danmark, Sør-Afrika, Ghana, Nigeria, India, Bangladesh, Filippinene og China.

- Eg er glad for at de alle har forbetra kunnskapen og bestått eksamen. Det er midt i blinken å studera informasjon og teknologi, anten det er her nede på jorda eller i skya. Vi treng dykk kvinner fordi framtida treng meir IT-basert kunnskap, ikkje mindre. Vi håpar at de kan tenkja dykk å arbeida i vakre Øygarden og at de ønskjer å bu her. Hugs at utdanning gjev oss fridom, og eit betre liv, sa varaordføraren.

Eunice Hammond Mørklid har vore sentral i organiseringa av dette kurset.

- Kurset er delvis gjennomført med kursdagar her på Øygarden Teknologisenter og som fjernundervisning. Deltakarane kjem frå heile Noreg. Vi har eit godt samarbeid med NAV og med Øygarden næringsutvikling som har bidrege med lokale og føredragshaldarar, seier ho.

Har funne retning på arbeidskarrieren

Emilie Bjugn kjem opphavleg frå Danmark, men er no gift og busett på Askøy.

- Eg har bakgrunn som serviceøkonomi. Det har vore eit svært nyttig kurs, og eg har funne retning på arbeidskarrieren min. Det gjev meg moglegheit til å leva ut draumen min. Eg har ikkje fått jobb ennå og har planar om å ta eit ytterlegare kurs innan dette feltet, seier Emilie.

Seniormanager Claire Spiller orienterte om AWS re/start, og dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF, Anita Mannes, hadde innlegg om næringslivet i Øygarden og kva moglegheiter kursdeltakarane har i næringslivet.

- Evne til tilpassing, nettverk og smart kapital karakteriserer suksessfulle selskap, sa Mannes.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Eunice Hammond Mørkli og Emilie Bjugn - Klikk for stort bilete
Anita Mannes og Eunice Hammond Mørkli - Klikk for stort bilete
Torill Selsvold Nyborg - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete