Startar behandlinga av plan for CO2-lagringsprosjekt

Olje- og energidepartementet har motteke og starta behandlinga av utbyggingsplanen for CO2-lagringsprosjektet Northern Lights.

Skisse over det planlagte mottaksanlegget på Kollsnes - Klikk for stort bileteSkisse over det planlagte mottaksanlegget på Kollsnes. Equinor   

Det skriv departementet i ei pressemelding i dag. Northern Lights-prosjektet er transport- og lagringsdelen av det norske demonstrasjonsprosjektet for fullskala CO2-fangst og lagring. Northern Lights er eit partnarskap mellom Equinor, Shell og Total.

Selskapa reknar med at den første delen av prosjektet har ein investeringskostnad på om lag 6,9 milliardar kroner.

Dersom staten fattar investeringsavgjerd for demonstrasjonsprosjektet skal Northern Lights ta imot CO2 på skip ved eit mottaksanlegg på land i Øygarden kommune. Der skal CO2 mellomlagrast før han vert pumpa gjennom ei røyrleidning til ein injeksjonsbrønn på havbotnen. Frå brønnen vert CO2 permanent laga i Johansen- og Cookformasjonen om lag 2660 meter under havnivået i Nordsjøen.

- Viktig for regionen, seier ordføraren
Dette ei svært god nyheit. Det bringar oss eit steg nærare realisering av anlegget. Anlegget i Øygarden vil ha store ringverknader for heile regionen, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Olje- og energiminister Tina Bru seier at fangst og lagring av CO2 er viktig for å nå måla i Paris-avtalen. At utbyggingsplanen er levert inn er eit nødvendig steg vidare for å få realisert et fullskala anlegg for CO2-fangst og lagring i Norge.

- Behandlinga av utbyggingsplanen vil bidra til å gje regjeringa eit godt grunnlag når ho skal vurdera gjennomføring av det norske demonstrasjonsprosjektet for fullskala CO2-fangst og lagring. Dette skal etter planen skje i samband med regjeringa forslag til statsbudsjett for 2021, seier Bru.

Les pressemeldinga frå olje- og energidepartementet her.

Tekst: Vigleik Brekke

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup

I ein ny tiltakspakke føreslår regjeringa å løyva 5,7 milliardar kroner til tiltak i kommunesektoren. Av desse midlane går 2,5 milliardar kroner til vedlikehald og rehabilitering. 600 millionar kroner er sett av til kommunale næringsfond. Øygarden kommune får 18 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av bygg.

   

Møtet vart overført på nett-TV

Kommunestyret vedtok på torsdag samrøystes at Øygarden kommune skal ta inn 20 nye lærlingar som eit strakstiltak i samband med utbrot av koronaviruset. Det vart også vedteke å etablera kommunalt føretak for næringsarbeid. Møtet vart halde på Panorama Hotell & Resort. 

 

Irene Evensen

- Vi kan sikra godt utval om vi brukar butikkane lokalt, seier Irene Evensen på Ekrhovda. Ho har sansen for kampanjen Takk for at du handlar i Øygarden.

 

 

Illustrasjon

Få i dag (20. mai) kan frivillige lag og organisasjonar søkja om momskompensasjon frå Lotteri- og stiftelsestilsynet som skal fordela 1,685 milliard kroner i momskompensasjon.

 

Dagleg leiar i Vest Næringsråd,Rikard Ledang, vil gjerne ha med seg ordførar Tom Georg Indrevik, framfor messeveggen på lanseringsdagen for "Takk for at du handlar i Øygarden".

- Det er berre når det er høgst nødvendig at eg reiser ut av kommunen for å handla. Det sa kunde Olav Oen då ordførar Tom Georg Indrevik og dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Toft Ledang, reiste til tre senter i Øygarden i dag for å markera starten på kampanjen «Takk for at du handlar i Øygarden».

 

Utval for samfunnsutvikling hadde i dag sitt første fysiske møte på to månader.

Utval for samfunnsutvikling vedtok i kveld at det til utvalsmøtet i september ligg føre ei sak med konkurransegrunnlag for brannstasjon/driftsbygg i Skogsskiftet.
Tidlegare på dagen var det møte i utval for tenester og levekår som behandla sak om partnarskapsavtale og driftsavtale med NAV.

 

Regjeringa føreslår i revidert nasjonalbudsjett å auka løyvinga til kommunesektoren med om lag 2,1 milliardar kroner i 2020. I kommuneproposisjonen for 2021 er det føreslått ein realvekst i dei frie inntektene på mellom to og 2,4 milliardar kroner.

 

Smittevernlege Jens Eikås gler seg over redusert smitte i befolkninga

Ut frå statistikken dei siste to-tre vekene er smittevernlege Jens Eikås trygg på at koronasmitten er redusert i Øygarden kommune. Så langt er 1 264 personar testa i kommunen. Det er ikkje registrert nye smitta i dag (6. mai).

 

Det er Kompetanse Norge og Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning som lyser ut inntil 50 millionar kroner til nettbaserte utdanningstilbod.  

Det er fleire statlege, fylkeskommunale og kommunale støtteordningar for lag og organisasjonar. Ikkje minst med tanke på koronaviruset er det viktig å undersøkja om det er støtteordningar som er aktuelle å søkja på.