Val 2017 - Stemmestadar og opningstid

valglogo_gull_nynorsk.jpg - Klikk for stort bilete På valdagen 11.09.17 kan du stemme i den kommunen du er manntallsført. Skal du førehandstemme, kan du gjere det i kva kommune som helst i perioden 10. august til og med siste fredag før valdagen.

Tidlegrøysting

Dersom du er forhindra frå å stemme i den ordinære perioden for førehandstemming, og heller ikkje kan stemme på valdagen, kan du førehandsstemme innanlands alt frå 01. juli.Tidlegstemming finn stad på Øygarden rådhus, servicetorget på Rong i tida frå måndag 03.07.17 til og med onsdag 09.08.17.

Førehandstemming

Du kan førehandstemme i den kommunen du sjølv ønskjer. Dersom du førehandstemmer i ein annan kommunen enn der du er innført i folkeregisteret, må du gjera dette så tidleg at stemma når fram til heimstadkommunen din gjennom posten innan valdagen. Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankkort el. likn.) og gjerne valkortet du får tilsend i posten (ikkje noko krav, men lettar arbeidet for valfunksjonæren).

Førehandstemming finn stad frå 10.08.17 til og med 08.09.17.

Stemmestadar og opningstider for førehandstemming

Øygarden rådhus

I tida: 10.08.17 – 08.09.17 :   

måndag, tysdag, torsdag, fredag         kl. 08.00 - 15.30
alle torsdagar                                            kl. 08.30 - 18.00
laurdag 26.08.17                                       kl. 10.00 - 13.00
laurdag 02.09.17                                       kl. 10.00 - 13.00

Tednebakkane omsorgssenter: 

onsdag 06.09.17:                     kl. 10.00 - 14.00 

Hernar bedehus: 

onsdag 06.09.17:                     kl. 16.30 - 17.30

Ambulerande førehandstemming (heimestemming)

Veljarar som av helsemessige og liknande årsaker ikkje kan førehandstemme eller stemme på valdagen 11. september, kan be om å få stemme heime. Valfunksjonæren vil då oppsøka veljaren privat. Dei som av desse grunnane ønskjer å stemme heime, kan ta kontakt med kommunen på telefon 56 38 20 00.

Frist for å melda behov for heimestemming er sett til onsdag 6. september, kl. 15.30.

 

Stemming på valtinget (valdagen) 11.09.17

På valdagen kan du stemme i den kommunen du er manntallsført. Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankkort el. likn.) og gjerne valkortet du får tilsendt i posten (ikkje noko krav, men lettar arbeidet for valfunksjonæren).

Røystestadar

Krinsar

Opningstider

Toftøy skule

001 Toftøy

kl. 12.00 - 20.00

Øygarden kulturhus

002 Rong

kl. 12.00 - 20.00

Blomvåg skule

003 Blomvåg/Breivik

kl. 12.00 - 20.00

Tjeldstø skule

005 Alvheim, Hatten, Bakken

kl. 12.00 - 20.00

 

Informasjonsbrosjyre om valet

Informasjonsbrosjyre om valet på norsk og mange andre språk.

Valkoordinator Her finn du kontaktinformasjon for valkoordinatoren
Valkoordinator
NamnTelefonE-post
Jarle Kåre Oen56 38 54 04 / 20 00E-post
Kart
Rådhuset
Ternholmvegen 2
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 13.06.2017
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)