Val 2017 - Røystestadar og opningstid

valglogo_gull_nynorsk.jpg - Klikk for stort bilete På valdagen 11.09.17 kan du røyste i den kommunen du er manntallsført. Skal du førehandsrøyste, kan du gjere det i kva kommune som helst i perioden 10. august til og med siste fredag før valdagen.

Tidlegrøysting

Dersom du er forhindra frå å røysta i den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje kan røysta på valdagen, kan du førehandsrøysta innanlands alt frå 01. juli.Tidlegrøysting finn stad på Øygarden rådhus, servicetorget på Rong i tida 01.07.17 - 09.08.17.

Førehandsrøysting

Du kan førehandsrøysta i den kommunen du sjølv ønskjer. Dersom du førehandsrøystar i ein annan kommunen enn der du er innført i folkeregisteret, må du gjera dette så tidleg at røysta når fram til heimstadkommunen din gjennom posten innan valdagen. Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankkort el. likn.) og gjerne valkortet du får tilsend i posten (ikkje noko krav, men lettar arbeidet for valfunksjonæren).

Førehandsrøysting finn stad frå 10.08.17 til og med 08.09.17. Røystestadar vert lagt inn seinare.

Ambulerande førehandsrøysting (heimerøysting)

Veljarar som av helsemessige og liknande årsaker ikkje kan førehandsrøyste eller røyste på valdagen 11. september, kan be om å få røyste heime. Valfunksjonæren vil då oppsøka veljaren privat. Dei som av desse grunnane ønskjer å røyste heime, kan ta kontakt med kommunen. Frist er førebels ikkje fastsett.

Røysting på valtinget (valdagen) 11.09.17

På valdagen kan du røyste i den kommunen du er manntallsført. Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankkort el. likn.) og gjerne valkortet du får tilsendt i posten (ikkje noko krav, men lettar arbeidet for valfunksjonæren).

Røystestadar Krinsar

 
Toftøy skule 001 Toftøy
Øygarden kulturhus 002 Rong
Blomvåg skule 003 Blomvåg/Breivik
Tjeldstø skule 005 Alvheim, Hatten, Bakken
Valkoordinator Her finn du kontaktinformasjon for valkoordinatoren
Valkoordinator
NamnTelefonE-post
Jarle Kåre Oen56 38 54 04 / 20 00E-post
Kart
Rådhuset
Ternholmvegen 2
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 09.03.2017
Fann du det du leita etter?