Våre satsingsområde er språk og sosial kompetanse.
Barnehagen ligg i eit skjerma område med god tilgang til naturen i utkanten av Foldnesmarka. Vi nyttar turområda i nærområda kvar veke. Like ved barnehagen er Kyrkjevegen, ein turveg som går til Hjelteryggen.
Det er ca 20 min. spasertur til Sartor Senter. Noko nærare ligg Øygarden Rådhus, Fjell Sjukeheim og Foldnes skule.
Barnehagen blei opna 22.01.1979 av Bergen Krins av den norske Santalmisjon. Øygarden Kommune overtok som eigar i 1994.
Barnehagen heit tidlegare Sotraheimen barnehage. Vi skifta namn i januar 2006. Barnehagen har fått namn etter den vesle tjørna som ligg nord for parkeringsplassen.