Øygarden kommune har eit innsatsteam mot mobbing. Innsatsteamet er et veilednings team. Teamet skal bidra til at barn og unge i Øygarden kommune skal ha ein trygg og god oppvekst.
Dersom eit barn opplever å bli plaga , krenka eller mobba, er det viktig å ha eit godt samarbeid mellom barnet/eleven, føresette og barnehage/skule. Det er barnehagen eller skulen som skal setje inn tiltak som sikrar at mobbinga stoppar. Om dette ikkje fører fram, kan innsatsteamet bistå.
Innsatsteamet si rolle
- vere tilgjengeleg for direkte oppfølging i mobbesaker i samarbeid med skule/barnehage – dette kan innebere rettleiing i høve samtalar og observasjonar, dialogstøtte og deltaking i samarbeidsmøte
- støtte i arbeidet med utforming og tiltak i aktivitetsplanar
- drive kompetanseheving innan avdekking og handtering av mobbing
Kontakt oss
Føresette
- Føresette til barn i skulealder tar kontakt på 932 96 279 eller 916 30 591 i kontortida.
- Føresette til barnehagebarn tar kontakt på 932 96 279.
Skule og barnehage
- Skule tar kontakt med Marianne Gjerstad på 932 96 279 eller Merete Nilssen på 916 30 591.
- Barnehagar tar kontakt med Marianne Gjerstad på 932 96 279.
- Ein skal ikkje sende e-post som inneheld personsensitive og tausheitsbelagte opplysningar, slike opplysningar må sendast som brevpost.
- Om din e-post blir gjenstand for saksbehandling, vert den registrert i kommunen sitt elektroniske sak- og arkivsystem.
- E-post blir offentleg vurdert og vil som hovudregel gjeres offentleg på internett etter fire dagar.
Publisert 07.05.2021 12.31