Her i Tussetjødna barnehage, avdeling Humlebolet, har vi tatt utgangspunkt i Miljødetektiven Blekkulf. Blekkulf bur i havet, og er oppteken av at det skal vera reint og fint der. Av og til kjem det boss i havet, og då må Blekkulf ut og rydde opp. Vi har og laga ein Blekkulf, som er med oss rundt og ser at alt er fint og reint.
Værstasjonen på avdelinga
Fokus på naturen
Vi har hatt stort fokus på naturen, og då særleg skogen vår, som vi ofte går tur i. Ein dag tok vi med oss Blekkulf sitt forstørrelsesglass for å sjekke kordan det står til i skogen vår. Vi fant ein god del boss, som vi tok opp med hanskar, og kasta i bosset. Barna var veldig ivrige med forstørrelsesglasset, og det var spanande å studere naturen.
Barna her på Humlebolet er opptatt av sola og regnet, og vi har derfor laga ein ver-plakat. Her ser vi på kva slags ver vi har, og samanliknar det med himmelen ute. Vi syng songar om sol, regn og snø. Barna har og malt steiner gule, blå og kvite, som symbol på sol, vatn og snø. Vi samtaler mykje med barna om at mennesker, dyr og plantar treng regn og sol-lys for å vekse og ha det bra.
Miljøstasjon
Miljøstasjonen vår er populær! Når barna har ete opp yoghurten sin, skyller vi boksen og putter den i kassen. Desse begerne skal vi bruke til påskepynt, då vi vil så karse i dei; ein fin måte å lære om gjenbruk på.
Fotogalleri