Her i Tussetjødna barnehage, avdeling Humlebolet, har vi tatt utgangspunkt i Miljødetektiven Blekkulf. Blekkulf bur i havet, og er oppteken av at det skal vera reint og fint der. Av og til kjem det boss i havet, og då må Blekkulf ut og rydde opp. Vi har og laga ein Blekkulf, som er med oss rundt og ser at alt er fint og reint.

 

Mellom åtte og tolv prosent av barnehagebarna opplever jevnlig utestenging frå leik eller ulike formar for krenkelsar. Stortinget har vedteke eigne bestemmelser i barnehageloven om barn si rett til eit trygt omsorgs- og læringsmiljø som vert gjelande frå 1. januar 2021.

 

Alle barn og unge har rett til å ha det bra i barnehagen og på skulen. Om du blir mobba eller plaga er det viktig at du fortel det til ein vaksen. Om du synest det er vanskeleg eller flaut å fortelja om det, er du ikkje åleine. Det er heilt normalt. Men det hjelper ikkje å halde det for seg sjølv.