Turistinformasjon

Skarv ved Blomvågstø - Klikk for stort bilete

Øygarden kommune, med sine omlag 4800 innbyggjarar ligg eit "flyndrekast" frå Bergen. Over eit dusin bruer bind saman dei 550 øyande som dannar kommunen vår. Allereie på turen utover til oss kjem du i nærkontakt med eit vakkert kulturlandskap og ein skjergard omkransa av bølgjande lyngheier som strekkjer seg heilt ut mot havet.

Information about Øygarden in English.
Reiselivsmagasin

Snarvegar: Turstiar

Kveldsbilete mot vest - Klikk for stort bilete

Vi oppmodar deg til å ta deg tid til å stogge anten på ein av rasteplassane eller til å kjøyre ut på dei gamle grusvegane - då vil du få sjå våre fantastiske klippeveggar, fyrlyktene, naustmiljø eller villsauane våre.

Vi har eit skiftande, fasinerande ver og du kan sjå storhavet som kastar seg kraftfullt innover øyene. Kystkulturen står sentralt hos oss og reiselivsaktørarane våre tilbyr konkurransedyktige prisar på camping, hytter, rorbuer, gjestehus eller fjordhotell, samt utleige av kanoar, båtar og dykkeutstyr.

Vi ønskjer deg velkomen til ro og velvære eller til eit eldorado av ekstremsport både til lands og til vann.

Valet er ditt.

Publisert av Christel Møvik-Olsen. Sist endra 16.06.2017
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)