Internasjonalt arbeid på Tranevågen 2022-23

Tranevågen Ungdomsskule har i alle år delteke i fleire europeiske skuleprosjekt via Comenius og Erasmus+. Gjennom desse prosjekta har elevane blitt kjend med ulike kulturar og fått utvikla ein respekt og ein forståing av at vi tross alt ikkje er så forskjellige. Det er blitt knytt sterke band og venskap som vil vare.

Jac P Thijsse College - Klikk for stort bileteJac P Thijsse College Vidar Steffensen

 

Logoen til europeisk skuleprosjekt - Klikk for stort bilete

Skuleåret 2022-23 byr på nye og spennande internasjonale turar og besøk, både for tilsette og elevar ved Tranevågen Ungdomsskule. Hausten 2022 dro 15 lærarar frå skulen vår til Nederland for å besøke to av våre spennande samarbeidsskular i ein by som heiter Castricum, utanfor Amsterdam. Skulane vi samarbeider med heiter Jac P Thijsse College og Supreme College. Desse skulane er spennande på mange felt, mellom anna i høve til djupare læring og undervisning på engelsk. Lærarane her ved Tranevågen har eit internasjonalt fokus, og i løpet av året er det mange ulike digitale prosjekt i klassane som m.a. inneber videmøte mellom klassar og samarbeid om ulike tema.

I valfaget vårt som heiter Internasjonalt Samarbeid, jobbar dei med mange ulike skular rundt i Europa. I februar vart det  arrangert tur til ein annan av samarbeidsskulane som ligg på Mallorca og 13 elevar frå valfaget Internasjonalt samarbeid reiste i lag med lærarane i valfaget. Elevane fekk bu hos vertsfamiliar denne veka. Her fekk dei ta del i kvardagen til ein ordinær familie på Mallorca. Det er ein heilt unik moglegheit til å kome tett på den ekte kulturen i eit anna land. I løpet av veka jobba dei med skulane frå Mallorca og Kroatia om prosjektet "Linked by the deep blue sea". Desse landa kjem med 20 elevar og nokre lærarar her til oss på Tranevågen under UNG-veka. Lærarane på Internasjonalt samarbeid har laga eit spennande program for denne veka og vi får gjerne sjå noko av dette under UNG-Framsyninga i Sotra Arena? Vi gler oss!

Erasmusgruppa med diplomar Hilde Stigen

 

 

 

 

 

 

 

I april blir det ein ny runde med internasjonalt besøk for lærarane på Tranevågen. Då reiser personalet til Almeria for å besøke nokre samarbeidsskular, m.a. IES Almeraya og IES Al Ándalus. Dette er to spennande skular som har lang erfaring med internasjonalt arbeid og som vi og håper kan lære oss noko om inkludering og mangfald.

Rektor inspiserer ein av samarbeidsskulane frå utsida Vidar Steffensen