"Culture and Heritage through Water Resources"

I februar fekk 13 flotte tranar og to lærarar oppleve Palma de Mallorca om vinteren, blei kjend med den spanske kulturen og knytta nye vennar gjennom prosjektet  "Linked by the deep blue sea".

I valfaget vårt som heiter Internasjonalt Samarbeid, jobbar dei med mange ulike skular rundt i Europa. I februar vart det  arrangert tur til ein annan av samarbeidsskulane som ligg på Mallorca og 13 elevar frå valfaget Internasjonalt samarbeid reiste i lag med lærarane i valfaget. Elevane fekk bu hos vertsfamiliar denne veka. Her fekk dei ta del i kvardagen til ein ordinær familie på Mallorca. Det er ein heilt unik moglegheit til å kome tett på den ekte kulturen i eit anna land. I løpet av veka jobba dei med skulane frå Mallorca og Kroatia om prosjektet "Linked by the deep blue sea". Desse landa kjem med 20 elevar og nokre lærarar her til oss på Tranevågen under UNG-veka. Lærarane på Internasjonalt samarbeid har laga eit spennande program for denne veka og vi får gjerne sjå noko av dette under UNG-Framsyninga i Sotra Arena? Vi gler oss!

Erasmusgruppa med diplomar Hilde Stigen