Overgang barneskule - ungdomsskule

Å avslutte barneskulen og starte på ungdomsskulen, er ein av dei store overgangane i eit barns liv. Nokon gler seg, andre gruer seg og dei aller fleste gjer kanskje begge delar, gru-gler seg.

Vi ønskjer å lage ein god overgang mellom barneskule og ungdomsskule. Ein god overgang har mange element. Mykje av dette handlar om dei faktiske møtepunkta gjennom året. Møtepunkt kan vere mellom skulane, elev/føresette og evt PPT og (spesialist)helsetenesta. Viktig og relevant informasjon, til elevens beste, blir delt på desse møta. I «Årshjul for overgang barneskule-ungdomsskule» under finn du ei oversikt over slike møtepunkt.

Samhandlingsmodell

Vi nyttar verktøyet BTI – Betre Tverrfaglege Innsats. BTI er ein samhandlingsmodell for å sikre eit heilskapleg og samanhengande system for oppfølging og informasjon av barn/unge og deira familiar. I BTI vert det laga ein stafettlogg. Det er ikkje alle elevar i kommunen vår som har ein stafettlogg i BTI, men nokon har det. For desse elevane er det viktig at loggen og stafettpinnen føl eleven i overgangen frå barneskule til ungdomsskule.

Ein god overgang for elevane

Handlar og om at barneskulen og ungdomsskulen har gjensidig forståing og kunnskap om kvarandre. Å ha kunnskap om kvarandre sine undervisningsmåtar, kompetansemål og korleis undervegsvurderinga blir gjort, kan gjere overgangen for elevane betre. Kulturmøte blir dette ofte kalla. Slike kulturmøter kan illustrerast ved «Samhandlingstrappa». Samhandlingstrappa viser korleis barne- og ungdomsskulen gjennom det å dele informasjon, freiste å sjå likt på kva som er utfordringane (eller potensiale), jobbe saman mot felles mål  - saman kan utvikle ei gjennomgåande og felles plan for eleven gjennom småtrinnet, mellomtrinnet og vidare opp i ungdomsskulen. 

 

 

Årshjul

Nyttige lenkjer