Vil du bidra til god integrering?
Øygarden vaksenopplæring jobbar med integrering av flyktningar og innvandrarar. I den forbindelse treng vi praksisbedrifter, slik at deltakarane våre får høve til å skaffe seg relevant arbeidserfaring, og til å utvikle sine norskkunnskapar.
Omfang og varighet
Praksisen ved Øygarden vaksenopplæring er en del av eit fulltidstilbod til deltakarane, og gjer at deltakarane er i praksis 5 dagar i veka i oddetalsveker og på norskopplæring 5 dagar i veka i partalsveker. Detaljar om arbeidstid og praksisperiode avtaler bedriften med deltakaraen sin kontaktperson i kommunen.
Kva får du?
- to ekstra hender i arbeidet
- berikelsen av å dele arbeidskvardagen med eit menneske som nylig har busett seg i Norge.
Deltakaren sin kontaktperson frå kommunen vil være tilstades ved oppstart og kontraktskriving, samt ved avslutningen av praksisperioden. Praksisdeltakaren sin lærar ved vaksenopplæringa vil vere tilstades for å følge opp deltakaren på praksisplassen minimum kvar 14. dag.
Oppfølging
Tett oppfølging. Vi er opptatt av at bedriftene skal oppleve eit godt samarbeid med kommunen om praksis, og då veit vi at tett og god oppfølging frå kommunen er sentralt.
Kontakt oss
Øygarden Vaksenopplæring
Grønamyrvegen 2,
5353 Straume
Silje.solberg@oygarden.kommue.no eller Cecilie.fagerbakke@oygarden.kommune.no