Innsatsteam mot mobbing - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Innsatsteam mot mobbing

Øygarden kommune har eit innsatsteam mot mobbing. Innsatsteamet er et veilednings team. Teamet skal bidra til at barn og unge i Øygarden kommune skal ha ein trygg og god oppvekst. 

Dersom eit barn opplever å bli plaga , krenka eller mobba, er det viktig å ha eit godt samarbeid mellom barnet/eleven, føresette og barnehage/skule. Det er barnehagen eller skulen som skal setje inn tiltak som sikrar at mobbinga stoppar. Om dette ikkje fører fram, kan innsatsteamet bistå.

Innsatsteamet si rolle

  • vere tilgjengeleg for direkte oppfølging i mobbesaker i samarbeid med skule/barnehage – dette kan innebere rettleiing i høve samtalar og observasjonar, dialogstøtte og deltaking i samarbeidsmøte
  • støtte i arbeidet med utforming og tiltak i aktivitetsplanar
  • drive kompetanseheving innan avdekking og handtering av mobbing

Kontakt oss

Føresette

  • Føresette til barn i skulealder tar kontakt på  916 30 591 eller 971 010 24 i kontortida.
  • Føresette til barnehagebarn tar kontakt på 932 96 279.

Skule og barnehage

  • Skule tar kontakt med Elisabeth Handal på 971 010 24 eller Merete Nilssen på 916 30 591.
  • Barnehagar tar kontakt med Marianne Gjerstad på 932 96 279.