Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Områderegulering Blomvåg Vest - 2. gangs offentleg ettersyn

Utval for plan i Øygarden kommune har i møte 19.11.2020, sak UFP 068/20 vedteke at forslag til områderegulering for Blomvåg vest, planID 125920170001, vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Kunngjeringsdato: 27.11.2020
Merknadsfrist: 15.01.2021
Saksnummer: 20/1969
Arealplan-ID: 1259 20170001
Opne i kommunekart: Plankart
Plandokument på høyring: Plandokument
Status: 2. gangs offentleg ettersyn
Gardsnamn: Blomvåg
Historisk arkivsaknr: 17/160

Områderegulering Blomvåg vest

Kort om planen

Planen legg til rette for etablering av ny grav- og urnelund. Det er og planlagt for samferdsle- og infrastrukturanlegg for vegutbetring, parkering og kollektivanlegg. Det er vidareført ein spreidd busettingsstruktur i samsvar med dagens Blomvåg.

Utval for drift og samfunnsutvikling i tidlegare Øygarden kommune vedtok i møte 14.05.19, sak 60/19, å legge planforslag ut til offentleg ettersyn. Forslaget låg ute til høyring og offentleg ettersyn i perioden 22.05.19 til 06.08.19. Kommunestyret i tidlegare Øygarden kommune gjorde 23.10.19 vedtak av områdereguleringa. Vedtaket vart påklaga og klagene handsama i kommunestyret 24.09.20. Kommunestyret tok ikkje klagene til følgje. Klagehandsaminga vart vidaresendt til Fylkesmannen i Vestland for endeleg handsaming. Fylkesmannen i Vestland oppheva endeleg vedtak av områderegulering gjort av tidlegare Øygarden kommunestyre. Grunnlaget for opphevinga er det Fylkesmannen ser på som sakshandsamingsfeil frå kommunen då områdereguleringa ikkje vart sendt på offentleg ettersyn etter endringar frå det første offentlege ettersynet. Planen har av denne grunn vore handsama på ny i utval for plan.

Endringane etter 1. gangs offentleg ettersyn er lista under. Desse er omtalt i meir detalj i saksframlegg tilgjengeleg her.

  • Omsynssone for krigsminne (H570) er gjort samanhengande for å imøtekome Hordaland fylkeskommune sitt motsegn.
  • To nye bustadområder endra til friluftsformål under denne omsynssona.
  • Bedehus er innarbeidd i kartet som bygg som skal utgå.
  • Lagt inn manglande frisiktsoner i tråd med utale frå Statens Vegvesen.
  • Elektrisk luftspenn lagt inn med faresone over nytt graplassområde.
  • Arealformål ved kyrkja er utvida nokre meter mot nord etter ei justering av eigedomsgrensa.

Skråfoto Blomvåg. Planen strekk seg over heile bilete frå bedehus i sør til eksisterande gravplass i nord. Ny gravplass er lagt til rette for i Bårdalen øvst i bildet.  - Klikk for stort bileteSkråfoto Blomvåg. Planen strekk seg over heile bilete frå bedehus i sør til eksisterande gravplass i nord. Ny gravplass er lagt til rette for i Bårdalen øvst i bildet. Foto datert 10.07.18.

Merknader til planen

Grunneigarar, naboar og alle interesserte vert inviterte til å komma med merknader og innspel til planforslaget.

Plandokumenta er tilgjengelege i kommunen sitt planregister ved å følgje lenke her – digitalt planregister.

Fint om ein kan nytte elektronisk høyringsskjema til merknader.

Elektronisk høyringssvar

Eventuelt kan merknad sendast til: postmottak@oygarden.kommune.no

Eller som brevpost til:
Øygarden kommune
v/ Areal- og samfunnsplan
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Frist for å komma med merknad og innspel er 15. januar 2021.