Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Høyringsframlegg planprogram for ny samfunnsdel til kommuneplan for Øygarden 2022-2034. Varsel om oppstart

Kva er dei viktigaste moglegheitene og utfordringane kommunen vår har? Kva slags prioriteringar skal leggast til grunn for satsingane våre og tenestetilbodet? Korleis kan vi engasjera til deltaking og arbeida saman for å utvikla gode strategiar og nå langsiktige mål for samfunnsutviklinga?

Klikk for stort bilete

Kunngjeringsdato: 04.12.2020
Merknadsfrist: 22.01.2021
Saksnummer: 20/14028

Dette er grunnleggande spørsmål i forslaget til planprogram for ny samfunnsdel til kommuneplan for Øygarden 2022-2034. Samfunnsdelen skal vera det viktigaste politiske og administrative styringsdokumentet for langsiktig utvikling av kommunen som samfunn, organisasjon og areal.

Vi ønskjer å invitera til brei medverknad og opne diskusjonar i planprosessen. Difor oppmodar vi alle som er interessert i kommunen si framtid til å senda innspel til planprogrammet, anten du er privatperson, representerer lag og organisasjonar, næringsliv eller regionale samarbeidsaktørar.

Arbeid med ny samfunnsdel

I forslag til planprogram finn du meir informasjon om korleis arbeidet med å utvikla ny samfunnsdel til kommuneplan for Øygarden 2022-2034 er tenkt gjennomført. Du finn også omtale av dei tema- og innsatsområda som kommunen meiner må få særleg merksemd. Planprogrammet kan du lese her:  ​​

Forslag til planprogram (PDF, 2 MB) ​

Tema- og innsatsområda som er omtalt i planprogrammet er ikkje endelege og uttømande, men dei reflekterer både lokale samfunnsutfordringar og ei ønska langsiktig samfunnsutvikling. Vi ønskjer at alle i Øygarden skal ha ein trygg og god stad å bu, og at tenestetilbodet vårt sikrar innbyggarane eit godt liv gjennom heile livsløpet. Vi skal tilby utdanning som er godt tilpassa eit innovativt og framtidsretta næringsliv og vi vil arbeida aktivt for å førebygga og sikra ei berekraftig og klimavenleg samfunnsutvikling.  ​ ​

Kva ønskjer vi innspel på?

Planprogrammet skildrar fire tema- og innsatsområde som kommunen meiner bør vera utgangspunkt for arbeidet med å utvikla ny samfunnsdel til kommuneplanen. Vi vil gjerne ha di tilbakemelding på om tema- og innsatsområda speglar kommunen sine moglegheiter og utfordringar. Merk at du finn utfyllande informasjon om lokale utfordringar i vedlagt folkehelserapport og kunnskapsgrunnlag. ​ ​

Vi ønskjer brei medverknad i planprosessen. Difor vil vi gjerne høyra di meining om i kva grad planprogrammet si omtale av medverknad sikrar at innbyggarar, lag og organisasjonar, næringsliv mfl. vert invitert til deltaking og lytta til i det føreståande planarbeidet. Kva for interessegrupper meiner du bør vera med i arbeidet? Kva kan vera gode møteplassar for å snakka saman om framtida i kommunen vår?

Merknadar

Du kan sende innspela på tre måtar; elektronisk høyringssvar, e-post eller per brev.

  1. Elektronisk innspelskjema
  2. På e-post til postmottak@oygarden.kommune.no Merk e-posten med sak 20/14028 ​
  3. Pr. brevpost til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong. Merk brevposten med sak 20/14028 ​

Frist for å komma med merknad og innspel er 22. januar 2021.  ​

Ved spørsmål

Alle skriftlege tilbakemeldingar vil verta administrativt handsama og lagt fram som del av den politiske sluttbehandlinga av planprogrammet. Har du spørsmål kan du ringe 56 16 00 00 eller sende e-post til postmottak@oygarden.kommune.no   ​

Vedlegg til forslag til planprogram