Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Forvaltningsplan for forvaltning av hjortevilt

I samsvar med hjorteviltforskrifta § 3 har Øygarden kommune utarbeida forslag til kommunal målsetjing og planstrategi for forvaltninga av hjortevilt i kommunen.

Kunngjeringsdato: 16.10.2020
Merknadsfrist: 17.11.2020
Saksnummer: 20/14211

I forvaltningsplanen skal det vedtas generelle overordna mål som reflekterar hovudprioriteringane i den kommunale viltforvaltninga;

  • Livskraftige og sunne hjorteviltstammar
  • Biologisk forsvarleg kjønns- og aldersstruktur
  • Sikre samarbeid og samhandling mellom alle aktørane i hjorteviltforvaltninga
  • Kunnskapsbasert forvaltning
  • Redusere skadeomfang

Det skal òg vedtas kortsiktige mål som skal fungere som retningsliner for å nå dei overordna målsetjingane.

Utval for samfunnsutvikling (UFS) vedtok i møte 13.10.2020 at forvaltningsplanen skal leggjast ut på høyring i ein periode på 4 veker. Forvaltningsplanen er lagt ut på høyring ved servicekontoret til Øygarden kommune, og på kommunen si heimeside www.oygarden.kommune.no.

Merknader

Eventuelle merknader må gjerast skriftleg og verte sendt til kommunen innan 17. november 2020. Merknaden bør vera kortfatta, presis og grunngjeven. Saksnummer 20/14211.

Elektronisk høyringssvar

Eventuelle merknader og innspel kan sendast til: postmottak@oygarden.kommune.no

Eller som brevpost til:
Øygarden kommune v/Byggesak, tilsyn og miljøforvaltning
Ternholmvegen 2,
5337 Rong

Dokument i saka