Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Forskrift om opning av jakt og fastsetting av minsteareal for hjortevilt

I henhald til hjorteviltforskrifta §§ 5 og 6 skal kommunen fastsette forskrift for opning av jakt og minsteareal for godkjenning av vald og fellingsløyver for hjortevilt.

Kunngjeringsdato: 08.12.2020
Merknadsfrist: 05.01.2021
Saksnummer: 20/16081

I samband med kommunesamanslåinga må lokale forskrifter for tidligare Fjell, Sund og Øygarden opphevast og det må vedtas ei ny forskrift gjeldande for heile kommunen.

Forskriften som no vert lagt ut til høyring legg opp til at minstearealet skal setjast til 1000 dekar i heile kommunen. Minsteareal vert benytta av kommunen for å regulere antal fellingsløyver for hjort, og har to rettsvirkningar:

  1. Storleiken på det teljanden arealet som normalt skal ligge til grunn for kvart fellingsløyve som jaktrettshavaren har krav på.
  2. Arealstorleiken på det minste samanhengjande området som offentleg mynde kan godkjenne som eit vald.

Forskrifta er lagt ut på høyring ved innbyggjarservice/biblioteka til Øygarden kommune og på nettsida til kommunen under kunngjeringar/høyring i ein periode på 4 veker.

Merknader

Eventuelle merknader må gjerast skriftleg og verte sendt til kommunen innan 5. januar 2021. Merknaden bør vera kortfatta, presis og grunngjeven. Saksnummer 20/16081.

Elektronisk høyringssvar

Eventuelle merknader og innspel kan sendast til: postmottak@oygarden.kommune.no

Eller som brevpost til:
Øygarden kommune v/Byggesak, tilsyn og miljøforvaltning
Ternholmvegen 2,
5337 Rong

Dokument i saka