Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Detaljreguleringsplan for ny fylkesveg 561 Kolltveit-Ågotnes

Kommunestyret i tidlegare Fjell kommune vedtok planen i møte 12.12.2019, sak KS 56/19.

Kunngjeringsdato: 07.04.2020
Merknadsfrist: 05.05.2020
Saksnummer: 20/4380
Arealplan-ID: 124620150014
Opne i plankart 
Status: Godkjent plan

Kort om planen

Planframlegget legg til rette for etablering av ny 4-feltsveg mellom Kolltveit og Ågotnes, med planskilte kryss ved Kolltveit og Ågotnes, tre bruer over vatn og vassdrag og eit miljølokk på Ågotnes. Strekninga har ei total lengde på 9,7 km.

Utover veg- og trafikkformål for køyrande, legg planen opp til løysingar for gang- og sykkeltrafikk på Kolltveit og Ågotnes. I planen er det lagt vekt på god samfunnsøkonomisk arealbruk og bustad- og næringsutvikling.

Reguleringsplanen er det tredje delprosjekt i Sotrasambandet; fastlandssambandet Sotra – Bergen og nord-sørgåande samband på Sotra.

Du har rett til å klaga

Som part i saka eller ved rettsleg klageinteresse, kan du senda klage på vedtaket. Klagefrist er 05.05.2020. Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven. 

Dokument i saka

Verknad av planen

Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet.

Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med  kommunen for utfyllande informasjon.

Som ei oppfølging av restriksjonane for å hindra smittespreiing av covid-19, vert ikkje planen gjort tilgjengelege i papirformat på biblioteka.

Tek du kontakt med kommunen ber vi om at du viser til saksnummer: 20/4380