Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Detaljregulering for Skogsleitet, gbnr. 150/269 m. fl. – Skoge

Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid.

Kunngjeringsdato: 02.12.2020
Merknadsfrist: 23.12.2020
Saksnummer: 20/12926
Opne i kommunekart: Plankart
Plandokument på høyring: Plandokument
Status: Planoppstart
Gardsnamn: Skogsleitet, Skoge

Om reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Bright View AS er tiltakshavar.
Besseggen Arkitekter og Arealtek AS er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet

Eigedomen ligg på ein høgde nord for kommunedelsenteret Skogsskiftet. Området er per i dag ubebygget, beståande av skog, bart fjell og myr. Området er tidlegare regulert i områdeplan for Skogssjenet bustadområde (arealplan_ID: 1245_20150001). Gjeldande plan legg til rette for frittliggjande- og konsentererte småhusbustader, blokkbustader, teknisk infrastruktur, leikeområder og grøntarealer, m.m.

Figuren viser planlagt avgrensing av reguleringsplanen, vist i svart.  - Klikk for stort bileteFiguren viser planlagt avgrensing av reguleringsplanen, vist i svart.

Dokument

Planavgrensing - detaljregulering for Skogsleitet (PDF, 2 MB)

Formålet med reguleringa

Formålet med planen er å leggje til rette for bustadbygging i form av leilegheitsbygg, rekkehus og omsorgsbustader, i tillegg til privat/offentelg tenesteyting, grøntområder, leikeplasser, teknisk infrastruktur m.m. Midt i området er det planlagt ein ny park som skal vera eit sentralt element i planen.

Her finn du planområdet vist i kartløysinga til kommunen

Merknader til oppstartsmeldinga

Merknader og opplysningar som kan vera interessante for planarbeidet kan sendast til:

Arealtek AS v/Henri Auer
Elvarheimgt. 10B
2408 Elverum

Merknader kan også sendast på e-post til: henri@arealtek.no

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 23. desember 2020.

Vidare saksgong

Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for vurdering og saksbehandling.

Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.

Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Øygarden kommune. Søk etter saksnr. 20/12926.