Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Tidlegare kunngjeringar og høyringar

På denne sida finn du tidlegare publiserte kunngjeringar og høyringar. Du kan ikkje sende inn klage eller høyringsuttale på desse sakene.

Utval for samfunnsutvikling har vedteke å legg ut på høyring å oppheve lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg, som gjeld for areal i tidlegare Fjell kommune.

I samsvar med hjorteviltforskrifta § 3 har Øygarden kommune utarbeida forslag til kommunal målsetjing og planstrategi for forvaltninga av hjortevilt i kommunen.

Vilt som vert skadd eller døyr av andre årsaker enn ordinær jakt går under samlebeteikninga fallvilt. Handtering av fallvilt er ei kommunal oppgåve, og etter viltlova med tilhøyrande forskrifter har kommunen ansvar for ivaretaking av fallvilt.

Blom Salmon AS søkjer om løyve til etablering av landbasert anlegg for oppdrett av settefisk og matfisk av laks og aure på lokalitet Oksneset i Øygarden kommune.

I medhald av plan- og bygningslova § 17-4 første ledd vert det med dette varsla at Øygarden kommune vil starte opp forhandlingar om utbyggingsavtale med partane i nedanfornemnde reguleringsplan.

I medhald av plan- og bygningslova § 17-4 første ledd vert det med dette varsla at Øygarden kommune vil starte opp forhandlingar om utbyggingsavtale med Bjorøygården AS.

I medhald av plan- og bygningslova § 17-4 første ledd vert det med dette varsla at Øygarden kommune vil starte opp forhandlingar om overordna utbyggingsavtale med utbyggjarane innanfor den politisk vedtekne områdemodellen for Straume sentrum, indre kjerne. 

Telavåg Fiskeoppdrett AS søkjer om endring av areal for anlegg av laks og aure på lokalitet 11552 Stuholmen i Øygarden kommune.

Øygarden kommune har utarbeida forslag til kommunal planstrategi. Forslag til planstrategien for Øygarden kommune 2020-2023 vert no gjort offentleg tilgjengeleg i 30 dagar.

Utval for Plan har i møte 25.06.2020, sak UFP 034/20, godkjent at forslag til detaljregulering vert lagt ut til offentleg ettersyn.