Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Tidlegare kunngjeringar og høyringar

På denne sida finn du tidlegare publiserte kunngjeringar og høyringar. Du kan ikkje sende inn klage eller høyringsuttale på desse sakene.

Kva er dei viktigaste moglegheitene og utfordringane kommunen vår har? Kva slags prioriteringar skal leggast til grunn for satsingane våre og tenestetilbodet? Korleis kan vi engasjera til deltaking og arbeida saman for å utvikla gode strategiar og nå langsiktige mål for samfunnsutviklinga?

Skråfoto Blomvåg. Planen strekk seg over heile bilete frå bedehus i sør til eksisterande gravplass i nord. Ny gravplass er lagt til rette for i Bårdalen øvst i bildet.

Utval for plan i Øygarden kommune har i møte 19.11.2020, sak UFP 068/20 vedteke at forslag til områderegulering for Blomvåg vest, planID 125920170001, vert lagt ut til offentleg ettersyn.

I henhald til hjorteviltforskrifta §§ 5 og 6 skal kommunen fastsette forskrift for opning av jakt og minsteareal for godkjenning av vald og fellingsløyver for hjortevilt.

Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid.

Øygarden formannskap legg ut på høyring framlegg til Lokal forskrift for renovasjon i Øygarden kommune.

Formannskapet for Øygarden kommune sitt framlegg til budsjett 2021 og økonomiplan 2021-2024 vert her lagt ut til offentleg gjennomsyn i tida 19.11.20 til og med 07.12.20.

Utval for samfunnsutvikling har vedteke å legge ut på høyring framlegg til forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Øygarden kommune, jf. forureiningslova § 9 og forvaltningslova § 37.

Utval for samfunnsutvikling har vedteke å legge ut på høyring å oppheve lokal forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav for areal i tidlegare Sund kommune, jf. forvaltningslova § 37 og forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23.

Utval for samfunnsutvikling har vedteke å legg ut på høyring å oppheve lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg, som gjeld for areal i tidlegare Fjell kommune.

I samsvar med hjorteviltforskrifta § 3 har Øygarden kommune utarbeida forslag til kommunal målsetjing og planstrategi for forvaltninga av hjortevilt i kommunen.