Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Rv. Sotrasambandet

Prosjektet er vedtatt delvis bompengefinansiert og med OPS som kontraktsform. Prosjektet omfattar bygging av 9,4 km firefelts veg frå kryss med fv. 562 ved Storavatnet i Bergen til kryss med fv. 561 ved Kolltveit på Sotra, der om lag 4,6 km går i tunnel.

Prosjektet inkluderer ny firefelts bru på om lag 950 meter med separat gang og sykkelveg. Også tre mindre bruer inngår i prosjektet. Totalt er det planlagt å byggja om lag 14 km gang- og sykkelvegar, der 7,8 km vert bygd som høgstandard løysing med skilje mellom syklande og gåande.

Kollektivtrafikken vil dels gå saman med annan trafikk, dels på opprusta lokalveg og dels på separat bussveg/kollektivfelt. Det er planlagt nye kollektivterminalar ved Storavatnet og på Straume. Prosjektet legg til rette for prioritering av kollektivtrafikken mellom terminalane.

Kontraktsgrunnlaget  vart lyst i desember 2019. I mai 2020 vert tre kvalifiserte leverandørar valde ut. Målet er å velja leverandør av OPS-prosjektet i juni 2021 og underteikna kontrakt hausten 2021. Vegen kan verta klar til bruk i 2025/2026.
 

Informasjon om bygging av nye Sotrasambandet på heimesida til Statens vegvesen