Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Høyring av samfunnsdelen - Vi vil gjerne høyra frå deg!

Utkast til samfunnsdelen til kommuneplanen for Øygarden 2022-2034 er no ute på høyring. Vi ønsker å invitera til god debatt om utkastet til samfunnsdelen. Difor oppmodar vi alle som er interessert i framtida til kommunen om å engasjera seg i høyringsperioden.

Kunngjeringsdato: 05.11.2021
Merknadsfrist: 19.12.2021
Saksnummer: 21/2930
Dokument i saka
Status: Høyring

Samfunnsdelen med vedlegg

Kommunestyret i Øygarden vedtok 28. oktober å legga utkast til samfunnsdelen til kommuneplanen på høyring og offentleg ettersyn. 

I utkastet til samfunnsdelen kan du lesa om korleis vi ønsker å ha det i 2034, og kva vi må gjera for å få det til. Utkastet til samfunnsdelen er tilgjengeleg her på nettsidene til kommunen, men du kan også lesa i trykte versjonar av utkastet på innbyggartorga i kommunen.  

Kva er samfunnsdelen til kommuneplanen? 

Samfunnsdelen til kommuneplanen er det viktigaste verktøyet for å styra kommunen vår, og handlar om korleis vi skal utvikla tenestene og legga til rette for god samfunnsutvikling.

Kommunen har arbeidd med denne planen gjennom heile 2021, og det vart gjennomført ei rekke medverknadsarrangement denne våren for å henta innspel frå innbyggarar, næringsliv, lag og organisasjonar, tilsette i kommunen og andre aktørar. Utkastet til samfunnsdelen bygger på alle innspela som er komen inn og tverrpolitisk arbeid.  

Korleis kan du gje innspel?

Du kan gje innspel til kommunen på følgande måte:

  1. Elektronisk innspelskjema
  2. På e-post til postmottak@oygarden.kommune.no. Merk e-posten med sak 21/2930.
  3. Ved brevpost til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong. Merk brevet med sak 21/2930.

Det vil også vera høve til å delta på ulike høyringsarrangement i høyringsperioden. Her vil du kunna seia di meining om utkastet. Du kan lesa meir om dei ulike arrangementa her. Vi gjer merksam på at det kan bli endringar i arrangementa dersom smittesituasjonen krev det.

Frist for å senda høyringsinnspel er 19. desember.

Kva ønsker vi innspel på? 

I utkastet til samfunnsdelen kan du lesa om korleis vi ønsker å ha det i 2034 (målsettingar), og kva vi må gjera for å få det til (strategiar). Vi vil gjerne ha di tilbakemelding på om målsettingane i høyringsutkastet famnar om dei viktigaste utfordringane i vår kommune, og korleis vi saman skal arbeida for å nå måla våre. 

Vi gjer merksam på at innspel som omhandlar konkret bruk av areal eller arealføremål ikkje vert vurderte i arbeidet med samfunnsdelen. Slike innspel vert det opna opp for først når vi startar arbeidet med arealdelen til kommuneplanen. ​

Har du spørsmål? Ta kontakt med:

  • Prosjektleiar Elin Helland-Jooste på e-post eller telefon 56 16 01 82. 
  • Leiar for politisk styringsgruppe Andreas Kallekleiv på e-post eller telefon  906 11 941.