Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Send inn planforslag eller planendring

Større byggjetiltak kan i hovudsak ikkje gjennomførast utan reguleringsplan.

Du kan finna ut om eigedomen er regulert eller ikkje ved å bruka kartløysinga til kommunen. Søk på gards- og bruksnummer eller adresse, og vel frå «Kartlag» i menyen til høgre. 

Dersom du ønskjer å utvikla eit område eller ein eigedom som ikkje er regulert, kan du fremja eit privat forslag til detaljregulering. 

Målgruppe

Private tiltakshavarar, organisasjonar og andre styresmakter har rett til å fremja forslag til detaljregulering. Den som skal utarbeide forslag til en reguleringsplan (forslagsstiller) må være fagkyndig. Privatpersonar som ønskjer å fremja eit reguleringsforslag, kan saman med sin fagkyndige konsulent kontakta planavdelinga hos kommunen: planpost@oygarden.kommune.no Endeleg utarbeida planframlegg skal sendast til postmottak@oygarden.kommune.no

Planprosessen

  1. Oppstartmøte.
  2. Eventuell førespurnad om regulering (råd om planen bør utarbeidast).
  3. Varsel om planoppstart til grunneigarar, naboar og berørte partar og annonse i avisa.
  4. Utarbeiding av planen.
  5. Første gongs behandling.
  6. Offentlig ettersyn/høyring.
  7. Sluttbehandling.
  8. Endeleg vedtak av planen i utval for plan. Det er mogleg å klaga på vedtaket i utvalet.

www.planportal.no er ei informasjonsteneste for plansaksbehandlar og politikarar på kommunalt og regionalt nivå. Nettstaden kan også vera til stor nytte for konsulentar, næringsliv, interessegrupper og enkeltpersonar. Her finn du mellom anna lover, forskrifter, rettleiarar og andre relevante publikasjonar.

Plandelen av plan- og bygningslova av 1. juli 2009, rettleiarar og andre relevante dokument er tilgjengelege på Kommunal- og moderniseringsdepartementet si side www.planlegging.no

Planpakke

Det finnast 3 ulike typar endringar som behandlast ulikt. Grensa mellom disse er eit spørsmål om skjønn som vurderast og fastsettast av kommunen i kvart enkelt tilfelle.

Behandlingstid

Avhengig av tida forslagsstillar brukar på å utarbeida planen, grad av konfliktar og krav til utgreiingar vil behandlingstida normalt variera frå 1 – 3 år.

Prisar og betaling

Planprogram og konsekvensutgreiing
Arealplanar, planprogram og konsekvensutgreiing, jf. pbl. § 4-1, § 4-2 andre ledd og kapittel 14 Full Redusert
Reguleringsplan, detaljregulering inkl. vesentlege endringar, pbl §§ 12-3, 12-10 og 12-11, areal ≤ 10.000 m2 314 316 220 022
Planar mellom 10.000 m2 og 50.000 m2, glideskala med auke pr 1.000 m2 på: 1 254
Planar over 50.000 m2, glideskala med auke pr 1.000 m2 på: 860
For planar som krev planprogram og konsekvensutgreiing, pr søknad 29 686
I dei høve kommunen er ansvarleg styresmakt i høve forskrift om konsekvensutgreiingar, skal det for handsaming av konsekvensutgreiingar betalast 190 495
Regulering - Endring av plan
Endring av plan Endring av plan Gebyr 2021
Endringar som behandlast som ny plan i samsvar med § 12-14 første ledd Pr søknad Fullt gebyr
Mindre endringar i reguleringsplan eller utfyllingar innanfor hovudtrekka i reguleringsplanen, jf. pbl. § 12-14, andre ledd Pr søknad 17 316
Mindre vesentlege endringar i regulerings- og utbyggingsplanar Pr søknad 29 686
Regulering - oppstartsmøte
Oppstartsmøte, jf. pbl. § 12-8 Betalast etter Gebyr 2021
Oppstartsmøte Pr møte 6976
Undervegsmøte Pr møte 4982
Regulering - timepris
Timepris Gebyr 2021
Timesats for kontorarbeid inklusiv administrativ støtte 688
Timesats for markarbeid inklusiv transport, utstyr og materiell 826