Planstrategien skal ta stilling til om samfunnsdelen og arealdelen til kommuneplanen skal vidareførast utan endringar, eller om dei skal reviderast heilt eller delvis. I tillegg kan planstrategien avklara kva for kommunedelplanar, temaplanar og sektor/fagplanar som skal vidareførast, reviderast eller gå ut. Planstrategien kan også ta stilling til om det er behov for å utarbeida nye planar i fireårsperioden.
Hovudprioriteringa til Øygarden kommune vil vera å utarbeida kommuneplanen (samfunnsdel og arealdel) i løpet av valperioden 2019-2023.
Planstrategien til Øygarden kommune 2020 - 2023 (PDF, 751 kB)
I tillegg til å vurdera planbehovet, inneheld planstrategien ei skildring av plansystemet til Øygarden kommune, med tilhøyrande fireårsplan. Kommunen sin planstrategi er eit godt eigna verktøy for å vurdera kommunen sitt samla plansystem (figur 1). For at plansystemet skal fungera etter hensikta, må det vera tydeleg samanheng mellom kommunen sine ulike plantypar og kommunen sin handlingsdel med økonomiplan. God samanheng i plansystemet sin grunnstruktur er det viktigaste styringsverktøyet i kommunedirektøren si oppfølging og iverksetting av politiske mål, prioriteringar og vedtak.
Etter plan- og bygningslova (§10-1 første ledd) skal alle kommunar utarbeida og vedta sin planstrategi seinast eitt år etter nytt kommunestyre er konstituert. Planstrategi for Øygarden kommune 2020-2023 vart vedteken i kommunestyret 29. oktober 2020 (KS-sak 153/20).
Figur 1: Plansystemet til Øygarden kommune
Vedlegg til kunnskapsgrunnlaget
Presentasjon av kunnskapsgrunnlaget (PDF, 952 kB)
FNs bærekraftmål (PDF, 2 MB)