Om arbeidet med arealdelen

Kommunen legg opp til ei anna inndeling av arbeidet med arealdelen til kommuneplanen (KPA) enn tidlegare. Gjennom arbeidet med eit strategisk planprogram skal vi følgja opp og konkretisera samfunnsdelen med arealstrategiar. Her skal det fastsetjast politiske prinsipp med ei tydeleg retning for korleis vi skal bruka og ta vare på areala våre.

Les gjerne meir om arbeidet i oppstartssaka som har vore behandla i kommunestyret her.

Prinsippa og retninga for arealbruken som vert vedteken i strategisk planprogram skal følgjast opp i plankartet, føresegnene og planskildringa til ny KPA for Øygarden kommune.  

I 2024 vil arbeidet med arealdelen til kommuneplanen først og fremst handla om å skaffa oss nødvendig kunnskapsgrunn for å ta gode avgjersler for framtidig arealbruk. I denne perioden vil administrasjonen gjennomføra fleire kartleggingar av blant anna landskap, naturmangfald, strandsoneverdiar, status på gjeldande arealbruk og framtidig arealbehov ut i frå demografi og forventa befolkningsvekst. 

Kunnskapen som vert arbeidd fram og samanstilt skal vera grunnlaget for politiske drøftingar av den strategiske retninga for arealbruken i kommunen. I denne fasen vil det bli gjennomført medverknadsaktivitetar for innbyggjarar, lag- og organisasjonar og private og offentlege aktørar. 

Framdriftsplanen for arbeidet med arealdelen til kommuneplanen: 

Framdriftsplanen for arbeidet med arealdelen til kommuneplanen - Klikk for stort bilete