Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Varsel om oppstart av detaljregulering for Nordre Maimyra, gbnr 43/803 m.fl. på Brattholmen

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av detaljregulering for Nordre Maimyra,  gbnr 43/803 m.fl. på Brattholmen. Planarbeidet utføres av Henning Larsen Arkitekter AS på oppdrag fra grunneigar Kristian Vik.

Kunngjeringsdato: 20.12.2021 
Merknadsfrist: 28.01.2022
Saksnummer: 21/21421 
Arealplan-ID: PlanID 20210009 
Opne i plankart  
Status: Varsel om oppstart av plan 
Gardsnamn: Brattholmen

Kort om planen

Formålet med planen er å leggje til rette for bustader i form av rekkehus/einebustad i kjede og areal for opphald, leik og tilkomstveg.

Planområdet er på 14 daa og er i kommuneplanen for tidlegare Fjell kommune (2015-2026) avsett til bustad og samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur. Det meste av planområdet er ikkje regulert, men deler av området kjem innanfor reguleringsplan for Fv 209 – 233 Storskaret – Brattholmen regulert til felles avkøyrsle, anna veggrunn og anna kombinert formål. Det er varsla eit større areal enn tiltenkt planområde for å unngå ev. ny varsling seinare i planprosessen. Endeleg plangrense vert fastsett i planprosessen.

Har du merknader til planforslaget?

Innspel, kommentarar, opplysningar mm. som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet må sendast til:

henning.stakseng@henninglarsen.com
og/eller:
Henning Larsen Arkitekter AS
Folke Bernadottes vei 50
PB 3705 Fyllingsdalen
5845 Bergen

Frist for å senda inn merknad er 28. januar 2022

Dokument i saka