Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Varsel om oppstart av detaljregulering for Nilsvikhaugane aust, gbnr. 50/673 m.fl. – N. Bjorøyna.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av detaljregulering for Nilsvikhaugane aust, gbnr. 50/573 m.fl. – N. Bjorøyna. Plankonsulent er Ard arealplan, og Bjorøy utvikling AS er tiltakshavar.

Kunngjeringsdato: 11.01.2022
Merknadsfrist: 22.02.2021
Saksnummer: 21/23161
Arealplan-ID: 20210010
Status: Varsel om oppstart av plan
Gardsnamn: Bjorøyna

Kort om planen

Føremålet med planen er å oppheve gjeldande plan, utarbeide ny plan i samsvar med gjeldande plan- og bygningslov, og rydde opp i planen og tilgrensande plan med omsyn til føremål som ikkje lenger er aktuelle. I den nye planen skal arealføremålet regulerast om slik at ein i sørleg del kan etablere daglegvarebutikk, og eventuelt noko tenesteyting i form av frisør, treningssenter el., i tillegg til parkering. Det vil også bli sett på moglegheit for å tilettelegge for ladestasjonar for elbil og innfartsparkering der. Nordleg del vil bli regulert om til bustadføremål med tilhøyrande uteareal. Det vil også bli regulert gang- og sykkelveg frå avkøyrsla til planområdet og sørover fram til avkøyrsle til Fløsteinspollen.

Planområdet ligg ved Nilsvikhaugane, nord på Bjorøyna, og omfattar i hovudsak arealet innanfor reguleringsplan, 241 RP Bjorøy, gbnr. 50/11, 502 N.Bjorøyna(planID: 124620070049). Ein har også inkludert eit strekk av fylkesvegen i planområdet, for å kunne regulere fortau, evt. gang- og sykkelveg.

Har du merknader til planforslaget?

Innspel, kommentarar, opplysningar mm. som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet må sendast til:

post@ardarealplan.no og/eller:
Ard arelplan AS, c/o Speces Media City
Lars Hilles gate 30
5008 Bergen

Frist for å senda inn merknad er 22. februar 2022.

For meir informasjon: www.ardarealplan.no eller tlf. 55 31 95 00.

Dokument i saka