Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Varsel om oppstart av detaljregulering Energiparken, planID 20210006

Vidare planlegging av detaljregulering Naturgassparken, harmonisering av planar og oppheving av eksisterande reguleringsplan for Kollsnes næringspark.

Øygarden kommune ønskjer med dette å varsle oppstart for planarbeid i Energiparken  i samsvar med krav til medverknad  i plan- og bygningslova §  12-8. Planarbeidet gjeld i hovudsak tre moment; realisering av næringsareal på Ljøsøy nord frå plan for Naturgassparken (125920150002), harmonisering av eksisterande planar og oppheving av eldre reguleringsplan for Kollsnes næringspark (125919970002).

Kunngjeringsdato: 05.10.2021
Merknadsfrist: 01.11.2021
Saksnummer: 21/23266
Dokument i saka
Opne i plankart​​​​​​​
Status: Planoppstart

Energiparken er ein av Noregs største næringsparkar og er lokalisert på Blomøy nord i Øygarden kommune. Næringsparken heit tidlegare Naturgassparken og før det igjen Kollsnes næringspark. I dag finn ein  selskap som m.a. MOWI, Gasnor, BKK og Northern Lights innanfor næringsparken. Det er særskild satsinga til Northern Lights med karbonlagring som krevjar at kommunen tek ei meir aktiv rolle i vidare planlegging i Energiparken.  Det er stor interesse for prosjektet både nasjonalt og internasjonalt. For å legge til rette for etableringar som stetter opp om prosjektet og det grøne skiftet er det naudsynt med gode og riktige næringsareal tilgjengeleg.

Realisering av næringsareal

Realisering av næringsareal på Ljøsøy nord er ei vidare oppfølging av KS-vedtak 084/18 i tidl. Øygarden kommune. Området er unnateke rettsverknad grunna motsegn frå Statsforvaltaren i Vestland. Kommunen ynskjer no å halde fram planlegginga med bakgrunn i den utviklinga som har vore i Energiparken. For området i Energiparken sør (mot Ljøsøyneset o g Ljøsøyvatnet), som og var unnateke rettsverknad etter motsegn, ynskjer kommunedirektøren å ta dette ut av planen (125920150002). Energiparken sør famnar om lag 600 d.a. med om lag 300 d.a. næringsareal og det er per i dag ikkje aktørar som har konkrete planar for området. Ei detaljregulering av området vil av denne grunn vere lite hensiktsmessig og vanskeleg. Arealet er sett av til næring i kommuneplanen sin arealdel og vil soleis ikkje få endra status om dette takast ut av vidare detaljregulering. Slik kommunen ser det i dag vil det vere mest tenleg med ei seinare områderegulering av arealet. 

Det pågår i dag planlegging av eit produksjonsanlegg for hydrogen i Energiparken Vest (20210002) og detaljregulering Northern Lights (125920180001) vart nyleg ferdigstilt. Begge planane er endringar av detaljregulering for Naturgassparken som i teorien framleis er i prosess – grunna motsegn. Dette krevjar ei harmonisering av planar i Energiparken. Ei harmonisering av planar vil gje meir føreseielege høve for næringsaktørar, kommune og regionale mynde. Det vil i denne prosessen og vere naturleg å vurdere enkle moment i planane som er identifiserte som ikkje-optimale løysingar. Det kan t.d. vere byggehøgder, avkøyrsler, føringar til teknisk infrastruktur, omsynssoner og utforming av føresegn. Det er per tid ikkje lagt opp til endring av formål og vidare planlegging utover dette i desse områda, bortsett frå Ljøsøy nord. Alle endringar vil verte dokumentert grundig i det vidare planarbeidet.

Oppheving av eldre reguleringsplan

Oppheving av eldre reguleringsplan gjeld reguleringsplan for Kollsnes næringspark (125919970002) som vart vedteke 29.01.1997 i KS-sak 07/97 i tidl. Øygarden kommune. Store delar av planen vart oppheva i KS-sak 084/18, men opphevinga gjaldt den gang berre for dei deler av planen som detaljregulering Naturgassparken gjaldt over. Opphevinga vil denne gang gjelde for heile planen. Opphevinga vil ha mindre praktisk betydning då planen er av ein slik alder at den vanskeleg kunne vore nytta utan revisjon. Det gjeld likevel for oppheving av plan same lovkrav som utarbeiding og endring av plan. De varslast med dette om at reguleringsplan for Kollsnes næringspark, planID 125919970002, skal opphevast med heimel i plan- og bygningslova § 12-14.

Planarbeidet vil inkludere mange eksisterande og pågåande planar. Intensjonen er å ende opp med ein meir heilskapleg regulert situasjon i Energiparken som er samla i ein plan med felles planID 20210006. Løysing for korleis ulike planar vil forholde seg til kvarandre vil vere ein sentral del av det vidare planarbeidet.

Merknader

Merknader og fråsegn til varsel om oppstart kan leverast elektronisk eller sendast til kommunen på postmottak@oygarden.kommune.no eller per brev til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5336 Rong.

Elektronisk høyringssvar

Frist for fråsegn til varsel om oppstart for detaljregulering Energiparken, planID 20210006, er satt til 1. november 2021.