Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Varsel om oppstart av arbeid med kommunedelplan for vatn og avlaup

Med heimel i plan- og bygningslova §§ 11 – 12 og 11 – 13 vedtok Utval for samfunnsutvikling 21.09.2021, sak 040/21, å varsle oppstart av arbeid med kommunedelplan for vatn og avlaup og leggje framlegg til planprogram ut til offentleg ettersyn.

Kunngjeringsdato: 27.09.2021
Merknadsfrist: 09.11.2021
Saksnummer: 040/21
Dokument i saka
Status: Planoppstart

Som nyleg samanslått kommune har me ikkje ein samla plan for VA sektoren i kommunen, og det er behov for å få utarbeidd ein kommunedelplan for å fastsetje langsiktige mål og strategiar desse områda inkludert overvatn. Planarbeidet vil bli tett kobla med kommunen sitt arbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel med arealstrategiar, for å sikre ei heilskapleg ressursforvaltning.

Framlegg til planprogram skildrar kort bakgrunn og formål for planarbeidet, og peikar og på kva tema og utgreiingar som det vil bli arbeidd vidare med som eit grunnlag for å utarbeide sjølve plandokumentet. Planprogrammet kan reknast som ein plan for korleis planarbeidet skal gjennomførast.  Etter høyringsperioden vil det bli fremja sak til Kommunestyret om vedtak av planprogrammet, og det er ei målsetting å leggje framlegg til kommundelplan for VA på høyring  sommaren 2022, og at Kommunestyret vedtek planen desember 2022.

Kommunen ønskjer innspel og merknader både til  oppstart av planarbeid, men og på framlegg til planprogram dersom det er merknader til innhald, framdrift eller andre forhold som de meiner bør koma betre fram som føresetnader for planarbeidet.

Merknadar

Høyringssvar kan sendast kommunen innan 9. november 2021 på e-post postmottak@oygarden.kommune.no, per post til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong eller elektronisk skjema. Merk gjerne brevet/e-posten/elektronisk høyringssvar med saksnummer 040/21.

Elektronisk høyringssvar

Dokument i saka

Her finn du dokument i saka