Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Seks nye adresseparsellar på høyring

I medhald av Stadnamnlova § 8 sender Namnemynde i Øygarden kommune med dette seks nye adresseparsellar på høyring.

Kunngjeringsdato: 15.12.2021
Merknadsfrist: 15.02.2022
Saksnummer: 21/26123
Status: Høyring

Om høyringa

Fleire stader i kommunen er det no bruk for nye adresseparsellar og –namn.
Dette er grunnar som fortetting, regulerte felt, områdeadressering.

Vegadresser:

Områdeadressering:

Berørte partar, lag og organisasjonar vert invitert til å sende sine innspel til saka.

Merknader

Merknadar/innspel kan sendast til Øygarden kommune innan 15. februar 2022. Hugs å grunngje namneforslaget ditt, og vis til kva for adresseparsell du har sendt inn forslag til. Vis til saksnr. 21/26123.

Eventuelle merknader og innspel kan sendast på ein av desse måtane:

Når høyringsfristen er ute

Stadnamntenesta på Vestlandet vil koma med uttale på namneforslaga som vert lagt fram i saka, og fastset skrivemåte etter lov/forskrift om stadnamn.

Etter dette vil administrasjonen gjera ei vurdering og sakshandsaming av innkomne uttalar og innspel, og utarbeide eit saksframlegg som skal opp til politisk handsaming. Det er Namnemynde ved Eining for plan, geodata og oppmåling etter delegering som til slutt fattar vedtak om tildeling av adressenamnet.