Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale i Straume sentrum

I medhald av plan- og bygningslova § 17-4 første ledd vert det med dette varsla at Øygarden kommune vil starte opp forhandlingar om utbyggingsavtale med partane i nedanfornemnde reguleringsplan.

Kunngjeringsdato: 24.09.2020
Merknadsdato: 26.10.2020
PlanID: 124620120011
Status: Oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale
Gardsnamn: Straume

Utbyggingsavtalen gjeld oppfylling av rekkjefølgjekrav for gjennomføring av reguleringsplan for Heimtun, gnr. 35/534 og 637 m. fl. (planID 124620120011). Den vil mellom anna omhandle kostnads- og ansvarsfordelinga mellom partane kva gjeld felles offentleg infrastruktur. Ved einigheit vil utbyggingsavtalen bli lagt ut til offentleg ettersyn før den fremjast til politisk behandling.

Merknadar

Eventuelle merknadar skal sendast til Øygarden kommune innan 19. oktober 2020.
E-post: stian.johansen@oygarden.kommune.no
Postadresse: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong