Høyring: Skulekrinsjustering for Misje og Turøy - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Høyring: Skulekrinsjustering for Misje og Turøy

Utval for teneste og levekår vedtok 09.06.21 å legge sak som vurderer skulekrinsjustering for Misje og Turøy på høyring, med høyringsfrist 30.09.21.

Kunngjeringsdato: 16.06.2021 
Merknadsfrist: 30.09.2021
Saksnummer: 21/5429  
Status: Høyring

Om høyringa

Det er kommunedirektøren si saksutgreiing som vert lagt på høyring, og berørte partar vert inviterte til å sende sine innspel til saka. Som berørte partar reknast bl.a. foreldrerådet eller samarbeidsutvalet ved dei einskilde skulane i kommunen, men dette er ikkje ei uttømmande liste – også andre kan sende sine høyringssvar.

Når høyringsfristen er ute skal saka behandlast i ungdommens kommunestyre (UKS), utval for tenester og levekår (UTL), og formannskapet (FS), før endeleg vedtak i kommunestyret (KS). Høyringssvara, samt ein administrativ gjennomgang av desse, vil følgje ved saka når den leggast fram for politisk handsaming.

For ordens skuld gjer kommunedirektøren merksam på at ei separat sak som vurderer nedlegging av Blomvåg skule, og påfølgjande skulekrinsjustering i dette området, er lagt på høyring i same tidsrom som denne saka.

Har du merknader til høyringa?

Høyringssvar kan sendast kommunen innan 30. september 2021 på e-post postmottak@oygarden.kommune.no, eller pr. post til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong. Merk gjerne brevet/e-posten/elektronisk høyringssvar med saksnummer 21/5429.

Elektronisk høyringssvar

Dokument i saka