Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Endringar i gebyrforskrift

Formannskapet gjorde 27.10.2021 følgjande vedtak: Formannskapet legg framlegg til endringar i gebyrforskrift for private planforslag, oppmålingstenester, byggesakshandsaming og miljø og landbruk på høyring med dei endringar som går fram av saksframlegget. Høyringsperioden vert sett til 4 veker.

Kunngjeringsdato: 29.10.2021
Merknadsfrist: 28.11.2021
Saksnummer: 21/7182
Dokument i saka

Om høyringa

Etter kommunesamanslåinga har administrasjonen og gebyrutvalet arbeida med struktur og grunnlag for gebyra knytt til saksfelta private planforslag, oppmålingstenester, byggesakshandsaming, og det er på bakgrunn av dette arbeidet at det vert fremma endringar knytt til gebyrinnretninga for saksfeltet private planforslag.

Framlegg til endringar vert lagt fram i samla forskrift for gebyr for tenestene private planforslag, oppmålingstenester, byggesakshandsaming og miljø og landbruk. Endringa inneber nokre fleire milepælar i planprosessen som gjer det mogleg å fakturere for arbeid undervegs i prosessen.

Vidare er areal-gebyr teke ut, slik at storleiken på regulert område ikkje påverkar storleiken på gebyret. Kommunedirektøren tilrår elles å auke gebyra tilsvarande deflator, slik den går fram av framlegg til statsbudsjett, for saksfelta byggesak, eigarseksjonering, miljø og landbruk. Det vert ikkje tilrådd å regulere med deflator gebyra for Private planforslag og Kart og oppmåling. Kommunedirektøren vurderer endringane til å vera av eit slik omfang at berørte partar bør få høve til å uttale seg, jf. forvaltningslova §37.

Det vert tilrådd ein høyringsperiode på 4 veker.

Merknader

Merknad til høyringa kan du senda til kommunen via elektronisk høyringssvar, e-post: postmottak@oygarden.kommune.no, eller via brev til: 

Øygarden kommune,
Ternholmvegen 2,
5337 Rong

Elektronisk høyringssvar

Vis til saksnr. 21/7182. Merknadsfrist er sett til 28. november 2021. 

Dokument i saka

Saksdokument