Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Detaljregulering for Smålonane GBNR 35/125, 498 m. fl. - Straume

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har godkjent vedtak i Fjell kommunestyre i møte 21.02.19, sak KS 5/19, om eigen godkjenning av reguleringsplan.

Kunngjeringsdato: 08.07.2020
Saksnummer: 20/7678
Arealplan-ID: 12460004
Opne i plankart 
Status: Godkjent plan
Gardsnamn: Straume

Kort om planen

Planen legg til rette for om lag 19 000 m² næringsareal, som skal nyttast til plasskrevjande- og detaljvarehandel fordelt på fire bygningar. I tillegg vert det lagt til rette for tilhøyrande varelevering, parkering, tilkomst, infrastruktur og uteareal.

Fylkesmannen i Hordaland kom med motsegn til reguleringsplanen. Derfor har reguleringsplanen vore til endeleg avgjerd hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Planen er no godkjent i samsvar med kommunen sitt vedtak.

Vedtaket er endeleg

Sjølv om du er part i saka eller har rettsleg klageinteresse, er det ikkje mogleg å klaga på reguleringsplanar som er avgjort av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Dokument i saka

Verknad av planen

Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet.

Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med  kommunen for utfyllande informasjon.

Tek du kontakt med kommunen ber vi om at du viser til saksnummer: 20/7678